Anders Fogh Rasmussen
Anders Fogh Rasmussen | |
![]() | |
Fødd | 26. januar 1953 (69 år) Ginnerup |
---|---|
Statsborgar av | Kongeriket Danmark |
Parti | Venstre i Danmark |
Yrke | samfunnsøkonom, politikar, deltager i internasjonale fora |
Utdanna ved | Aarhus Universitet Viborg Katedralskole Handelshøjskolen i Aarhus |
Ektefelle | Anne-Mette Rasmussen |
Barn | Henrik Fogh Rasmussen |
Anders Fogh Rasmussen (fødd 26. januar 1953 i Ginnerup i Danmark) er ein dansk politikar. Han er formann for partiet Venstre og var mellom 27. november 2001 og 5. april 2009 statsminister i Danmark. Han er dermed den lengst sitjande statsministeren frå Venstre og den einaste som har sete kontinuerleg i tre valperiodar. I perioden 10. september 1987 til 18. desember 1990 var han skatteminister i Danmark, og frå 18. desember 1990 til 19. november 1992 var han skatteminister og økonomiminister.
4. april 2009 vart Rasmussen utnemnd til generalsekretær for NATO. På eit pressemøte umiddelbart etterpå offentleggjorde Rasmussen at han dermed ville trekkje seg som statsminister i Danmark. Rasmussen tiltredde posten som generalsekretær i NATO 1. august 2009 og tredde dermed inn i ei stilling som vert sett på som den høgaste stillinga ein dansk politikar har oppnådd nokon gong.
Rasmussen har også vore leiar for Liberal Ungdom (1970–1972) og Venstres Ungdom (1974–1976) og har hatt fleire styreverv i det danske næringslivet.
Bibliografi[endre | endre wikiteksten]
Som medforfattar[endre | endre wikiteksten]
- Den truede velstand (1980)
- Slaget om landsbyen (1981)
- Liberal Ungdom gennem 75 år (1983)
- Handelen år 2000 (1985)
- Bolig og økonomi (1987)
- Danmark år 2000 (1987)
- Arbejdslyst og velfærd — en umulig cocktail? (1993)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Einskildmenn
- Fødde i 1953
- Danske statsministrar
- Danske økonomiministrar
- Danske skatteministrar
- Danske folketingsrepresentantar
- Venstrepolitikarar i Danmark
- Danske økonomar
- Danske sakprosaforfattarar
- Generalsekretærar i NATO
- Dannebrogordenen
- Nordstjerneordenen
- Fortenestordenen til forbundsrepublikken Tyskland
- Folk frå Norddjurs