Vigilie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vigiilie for den usmitta unnfanginga til jomfru Maria i domkyrkja Santa María la Real i Almudena.

Vigilie (latin for 'nattevak' eller 'vaking', norrønt vaka) er innan kristen tradisjon ei religiøs handling som føregår om natta. Det kan til dømes visa til gudstenester før kyrkjelege festdagar,[1] som påskevigiliapåskeaftan og julevigiliajulaftan.[2]

I oldkyrkja var det vanleg at kristne kom saman kvelden før ei viktig høgtid og førebudde seg gjennom vake, bøner, skriftlesing og eventuelt også andakt. Slike markeringar kunne utvikla seg til vill festing, og ved eit kyrkjemøte i 1231 blei dei fleste vigiliene gjennom natta avskaffa.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «vigilie - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 1. november 2019 
  2. «Liturgiske retningslinjer», Den katolske kirke (på norsk), henta 1. november 2019 
  3. «Eve of a Feast». Catholic Encyclopedia. Volume 5. 1913. 
Spire Denne kristendomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.