Hopp til innhald

Viktor Pelevin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Viktor Pelevin
FødenamnВиктор Олегович Пелевин
StatsborgarskapSovjetunionen, Russland
Fødd22. november 1962 (63 år)
Moskva
Yrkeskribent, romanforfattar, manusforfattar, science fiction-forfattar
Sjangerprosa, science fiction
Religionbuddhisme
PrisarDen russiske Booker-prisen, Wanderer literary award, National Bestseller Prize, Bronze snail award
Viktor Pelevin på Commons

Viktor Olegovitsj Pelevin (fødd 22. november 1962) er ein russisk forfattar. Han gav ut den fyrste novella si i 1989, men slo først gjennom etter at Sovjetunionen fall i 1992. Pelevin blei ein av dei mest omtalte forfattarane i Russland på 1990-talet.

Forfattarskap

[endre | endre wikiteksten]

Pelevin skriv både kortare og lengre prosa, men det er særleg gjennom romansjangeren han har fått merksemd. Dei fyrste novellene hans var skrivne innanfor den sovjetiske science fiction-tradisjonen, men det var novellesamlinga Den blå lanterne som gav han anerkjenning blant eit større publikum. Denne vann han den russiske Visle Booker-prisen i 1992 som årets beste litterære debut. Seinare på 1990-talet ble romanane Omon Ra, Tsjapaev og Pustota, Generasjon P litterære hendingar i Russland, ikkje minst fordi den litterære kvaliteten deira var så omdiskutert.

Utvald bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Omon Ra (Омон Ра, 1992). Omsett til norsk av Isak Rogde.
  • Tsjapaev og tomheten (Чапаев и Пустота, 1996)
  • Generasjon P (Generation «П», 1999). Omsett til norsk av Isak Rogde.
  • Tallene (Числа, 2004). Omsett til norsk av Isak Rogde.
  • Varulvens hellige bok (Священная книга оборотня, 2004)
  • Skrekkens hjelm (Шлем ужаса, 2005). Omsett til norsk av Isak Rogde.
  • Empire V (Ампир В, 2006)
  • P5 (П5. Прощальные песни политических пигмеев Пиндостана, 2008)
  • t (t, 2009)
  • S.N.U.F.F. (S.N.U.F.F., 2011)
  • Batman Apollo (Бэтман Аполло, 2013)

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]