Vilcabamba i Peru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ruinar i Espíritu Pampa. Bilete frå 2007

Vilcabamba i Peru, i dag kjent som den arkeologiske staden Espíritu Pampa, var ein siste tilfluktsstad for etterkommarar av inka Huayna Cápac og medlemer av herskarklassen frå inkariket som freista å halde fram med oppstanden mot spanjolane etter inkarikets fall. Han var senter i ein uavhengig statsdanning frå han vart skipa av Manco Cápac II i 1539 fram til han vart teken av spanjolane i 1572. Vilcabamba vart då brent, ein ny spansk by vart tufta 6,5 km unna, men vart fort ein fjern utpost i Peru og om litt var staden der Vilcabamba låg gløymt. Byen har såleis historisk relevans berre for ein kort periode då dei gjenlevande inkaene var organiserte og representerte ein militær trussel for okkupantane av inkariket samstundes som ulike fraksjonar av okkupantane i det nye visekongedømmet Peru var i ein innbyrdes krigstilstand. Men Vilcabamba vart etterkvart ei løyndomsfull legende og det var spekulasjonar i ca. 200 år om kvar han var lokalisert. På 1900-talet var han feilaktig knytt til Machu Picchu, etter at staden for ruinane av Vilcabamba hadde fått namnet Espíritu Pampa.

Då inkaene tapte byen i 1572 signaliserte det at motstanden frå inkaene definitivt var over.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Hiram Bingham ved ruinane, saman med ein gaid i 1911
Foto: Harry Ward Foote

Byen låg i jungelen i tropisk regnskog nordvest for Cuzco, med ein avstand frå Cuzco på rundt 150 km målt i rett linje. Høgda over havnivå er berre ca. 1400-1600 meter, det indikerer eit varmt og fuktig klima med tett, tropisk vegetasjon. Ruinane ligg på ei lita slette i eit dalføre i retning sør mot nord. Elva i dalen munnar ut i Urubambaelva. Næraste landsby med vegsamband er Chuanquiri.

Apurímac flyt i eit dalføre sør for Cuzco i retning nordvest. Nord for Cuzco flyt Urubambaelva, òg mot nordvest. Fjellkjeda mellom dei to elvene, vest for Cuzco kallast Cordillera Vilcabamba, og delar av området kallast Vilcabambaområdet. Her er fjelltoppar over 6000 moh., den høgste er Salcantary 20 kilometer sør for Machu Picchu.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hiram Bingham freista å finne staden igjen og i 1911 gjenoppdaga han ruinane av byen. Byen vart då kalla Espíritu Pampa, men Bingham innsåg ikkje verda av funnet og trudde feilaktig at den vidgjetne Machu Picchu, som han òg gjenoppdaga, var Vilcabamba.

Først ut på 1960-talet vart det gjort funn av Antonio Santander og Gene Savoy og arkeologisk arbeid i Espíritu Pampa av Vincent Lee. Tufta på dette arbeidet foreslo John Hemming i boka The Conquest of the Incas at Espíritu Pampa var den tapte historiske byen Vilcabamba og etter det har det vore allment akseptert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hemming, John: The Conquest of the Incas. Macmillan, 1970.
  • «Vilcabamba», artikkel på engelsk Wikipedia

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]