John Hemming

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Hemming
Fødd 5. januar 1935
Vancouver
Yrke oppdagar, forleggjar, skribent

John Hemming (fødd i 1935 i Vancouver) er ein kanadisk forskar og forfattar med Amazonas som spesialitet. Han er utdanna ved Eton College og ved University of Oxford, og har blitt rekna som ein av Storbritannias leiande på Amazonas i Brasil, og historia til urfolket der spesielt. Hemming har oppretta førstekontakt med nokre søramerikanske folkegrupper. Han har også hatt forskarprosjekt i Jordan og Peru.

Hemmings første bok, The Conquest of the Incas, vart godt motteken då ho kom ut i 1970 og vert framleis tilrådd som kjelde til informasjon om hendingane som førte til at Inkariket fall. Boka handla også om dei første tiåra med spansk kolonimakt i Sør-Amerika.

I 1975 blei Hemming sekretær i Royal Geographical Society og seinare direktør fram til 1996.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • The Conquest of the Incas (1970)
  • The Conquest of the Brazilian Indians (1987)
  • Die If You Must: The Brazilian Indians Today (2003)
  • Amazon Frontier: The Defeat of the Brazilian Indian (1987)
  • The Search for El Dorado (1978)
  • Roraima: Brazil's Northernmost Frontier (1990)