Vilhelm av Poitiers
Utsjånad
| Vilhelm av Poitiers | |
| Statsborgarskap | Normandie |
| Fødd | 1020 Pont-Audemer |
| Død |
1090, 1087 (67 år) |
| Yrke | skribent, krønikeskrivar |
Vilhelm av Poitiers (ca. 1020–1090, engelsk William of Poitiers) var ein normannisk prest og historieskrivar. Han levde i andre halvdel av 1000-talet, og var kapellan for Vilhelm erobraren.[1] Vilhelm var forfattar av verket Gesta Guillelmi dugeciss Normannorum et regis Anglorum, som handla om livet og gjerningane til Vilhelm erobraren. Ein trur verket blei skrive ned tidleg i 1070-åra.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Winkler, Emily A. (2016-08-07). «The Norman Conquest of the classical past: William of Poitiers, language and history». Journal of Medieval History. 42 (4): 456–478. doi:10.1080/03044181.2016.1179215. ISSN 0304-4181. S2CID 156464963.
- Denne artikkelen bygger på «Vilhelm af Poitiers» frå Wikipedia på dansk, den 20. april 2024.