Villa Las Estrellas
Villa Las Estrellas | |||
landsby | |||
Villa Las Estrellas i 2011
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Base Presidente Eduardo Frei Montalva | ||
Stad | King George Island | ||
- koordinatar | |||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
![]() Villa Las Estrellas | |||
Wikimedia Commons: Villa Las Estrellas | |||
Villa Las Estrellas (spansk «Stars Town») er ein chilensk landsby i kommunen Antártica som ligg ved President Eduardo Frei Montalva-basen, ein militærbase på King George Island. Han er den største og eine av to sivile busetnader i Antarktis (den andre er den argentinske Esperanza-basen). Om sommaren bur det 120 personar her og om vinteren 80.[1]
Folket i Villa Las Estrellas lever i eit samfunn som omfattar 14 bustadhus på 90 m².
Det finst ein skule her, F-50 «Villa Las Estrellas»-skulen, som går opp til 8. klasse, med to lærarar, som tar imot kring 15 born. I tillegg er det ein barnehage og eit bibliotek. Det chilenske luftforsvaret driv eit sjukehus med ein lege og ein sjukepleier. I tillegg finst her bank, eit herberge, ein suvenirbutikk og eit treningsanlegg.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Villa Las Estrellas» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ (spansk) Villa Las Estrellas Arkivert 2011-10-02 ved Wayback Machine.