Base Presidente Eduardo Frei Montalva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Base Presidente Eduardo Frei Montalva
stasjon
Land  Antarktis
Stad King George Island i Sør-Shetlandsøyane
 - koordinatar 62°12′0″S 58°57′51″W
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Base Presidente Eduardo Frei Montalva
62°12′1″ S 58°57′46″ W
Base Presidente Eduardo Frei Montalva is located in Antarktis
Base Presidente Eduardo Frei Montalva (Antarktis)
Wikimedia Commons: Eduardo Frei Montalva Station

Base Presidente Eduardo Frei Montalva er den viktigaste antarktisbasen til Chile. Han ligg på Fildes Peninsula, eit isfritt område, ved Fildes Bay (Maxwell Bay), vest på King George Island i Sør-Shetlandsøyane. Han ligg like ved Escudero-stasjonen og berre 200 meter frå den russiske Bellingshausen-stasjonen, 10 meter over havet. Basen ligg i den chilenske kommunen Antártica, som er Antarktis-området som Chile har gjort krav på[1] (Chilensk Antarktis, Magallanes y la Antártica Chilena-regionen).

I nærleiken ligg òg basane Great Wall (Kina), General Artigas-stasjonen (Uruguay), King Sejong-stasjonen (Sør-Korea), Jubany (Argentina), Commandante Ferraz (Brasil), Henryk Arctowski (Polen) og Machu Picchu-basen (Peru). Lenger borte ligg Arturo Prat-basen, òg chilensk, 50 km i vest.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Basen har ei 1300 meter lang flystripe (Teniente Rodolfo Marsh Martin Aerodrome, ICAO-kode SCRM,[2] med 50 interkontinentale og 150 flyturar innan Antarktis kvar sesong, og tener mange av basane i området. Her ligg òg bustadområdet Villa Las Estrellas med sjukehus, ein skule, ein bank, ein liten butikk og meir. Om sommaren er det opp til 150 menneske her, og om vinteren kring 80.[3]

Basen kom i drift i 1969 som Centro Meteorológico Eduardo Frei. Då installasjonane vart utvida fekk han namnet Base Teniente Rodolfo Marsh, medan vêrsenteret heldt det originale namnet. I løpet av 1990-åra fekk heile basen kalla Base Presidente Eduardo Frei Montalva, medan flystripa heldt namnet Teniente Rodolfo Marsh.[4]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Området har eit tundraklima. Middeltemperaturen i juli er -6,3 °C; i januar 1,4°C, medan årsmiddeltemperaturen er -2,4°C. Årsmiddelnedbøren er 405 mm. Den våtaste månaden er mars med 62,5 mm og den tørraste er juli med 18,2 mm.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]