Villeurbanne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Villeurbanne
Horisonten til Villeurbanne
Horisonten til Villeurbanne
Byvåpenet til Villeurbanne
Styresmakter
Land
Region
Fylke
Frankrike
Auvergne-Rhône-Alpes
Storbyområdet Lyon
Geografi
Flatevidd 14,52 km²
Flatevidd
 - By

14,52 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

124 215
  8 554/km²
Koordinatar 45°46′00″N 04°52′49″EKoordinatar: 45°46′00″N 04°52′49″E
Høgd over havet 181 m
Diverse anna
Heimeside: Offisiell nettstad

Villeurbanne er ein kommune i storbyområdet Lyon i regiøn Auvergne-Rhône-Alpes aust i Frankrike. Han ligg rett nordaust for Lyon, og i lag dannar dei det største storbyområdet i Frankrike etter Paris. Med 148 543 innbyggjarar ved byrjinga av 2014 er Villeurbanne den folkerikaste forstadskommunen i landet. Han er den 4. folkerikaste kommunen i Auvergne-Rhône-Alpes og den 20. største i Frankrike. Storbyområdet han dannar saman med Lyon er det andre folkerikaste i Frankrike, etter det til [[Paris].

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det noverande sentrumet i Villeurbanne har vore busett heilt tilbake til 6000 fvt. Det noverande namnet kjem frå det galloromerske jordbruksomrdået som vart oppretta om lag samtidig med Lyon (då Lugdunum) og var kjend som Villa Urbana («byhuset»). Han vart så Urbanum, så Villa Urbane og til slutt Villeurbanne.

Villeurbanne har vore ein del av kongedømet Frankrike sidan 1349. Han var då fråskild Lyon av elva La Rize, ei tidlegare grein av elva Rhône.

Fram til 1800-talet var byen berre ei samling av forskjellige landsbyar med jorde og uutvikla land mellom. Desse landsbyane har stort sett overlevd, og dannar i dag bydelane Charpennes, Cusset, Croix-Luizet, Maisons-Neuves, osv

I den industrielle perioden skaut økonomien i Villeurbanne i veret. Tekstilindustrien var den første som blømde, etter følgd av mekaniske og kjemiske fabrikkar. Fabrikkane trekte til seg mange imigrantar, hovudsakleg italienarar.

Omvandlinga frå eit bygdesamfunn til ein industriell by førte til at folketalet i Villeurbanne eksploderte frå 3 000 i 1928 til 82 000 i 1931. Ordførar Lazare Goujon (vald i 1924) engasjerte så byen i eit omfattande offentleg arbeidsprogram. Det mest synlege frå denne perioden er Gratte-Ciel, eit bustadkompleks av to art deco-tårn og mindre bygningar rundt langs Henri Barbusse avenue. Desse bygningane vart teikna av Môrice Leroux og er ein av dei mest kjende art deco-bygningane i Frankrike.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Villeurbanne