Villmarkspanel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Villmarkspanel er innvendig eller utvendig bordkleding av ukanta bord. Borken er fjerna, men elles er den naturlege overflata på tømmerstokken intakt, og panelborda følgjer den naturlege forma og avsmalinga til tømmerstokken. Villmarkspanel får på den måten eit rustikt, villmarksaktig preg. Ein kan leggje villmarkspanel som liggjande eller ståande bordkleding, det vil seie med vannrette eller loddrette bord.

Villmarkspanel er ei nyare nemning for ein gammal type bordkleding. I gammal tid kunne sagbruksprivilegia stille krav om at trelast til innanbygds bruk skulle vere vankanta eller ukanta, slik at meir av tømmerstokken vart utnytta.

Når ein set opp villmarkspanel, monterer ein borda med margsida inn, sidan det er den breiaste sida. Dette er eit brot på det som elles er rekna som god byggjeskikk – vanlege kanta bord vil ein helst montere med margsida ut, sidan borda ved tørkinga vil kuve motsett veg av krumminga på årringane. Når borda vert sette opp med margsida inn, kan det ved tørkinga danne seg gliper mellom borda.[1] Dessutan har margsida av borda eit breiare felt med kjerneved.[2]

Nokre produsenter av villmarkspanel bøter på dette ved å frese ein snudd kant, slik at borda kan spikrast opp med margsida ut.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]