Villris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Villris
WildRice23.jpg
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Grasordenen Poales
Familie: Grasfamilien Poaceae
Underfamilie: Ehrhartoideae
Stamme: Oryzeae
Understamme: Zizaniinae
Slekt: Villris Zizania
L., 1753

Villris kan visa til fleire artar i grasfamilien som gjev risliknande korn, men ikkje er blitt domestisert og dyrka slik som til dømes vanleg ris (Oryza sativa) eller afrikansk ris (Oryza glaberrima).

Med villris meiner ein vanlegvis plantar frå Zizania-slekta. Zizania aquatica er ein nordamerikansk villrisart som opphavleg blei brukt av ojibwa-folk. Frå 1950-åra auka interessa for denne arten som matplante. Denne planten har korn som er over dobbelt så langt som hjå vanleg ris. Han har eit næringsinnhald tilsvarande kveite, havre og mais, med litt høgare proteininnhald.

Villris kan også visa til ville artar i risslekta (Oryza), som Oryza rufipogon. Leersia oryzoides er ein eurasiatisk risaktig art som blir brukt til fôr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Villris». Store norske leksikon. 15. februar 2009.