Hopp til innhald

Villvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Villvin
Villvin
Villvin
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Vinrankeordenen Vitales
Familie: Vinrankefamilien Vitaceae
Underfamilie: Vitoideae
Slekt: Villvinslekta Parthenocissus
Art: Villvin P. inserta
Vitskapleg namn
Parthenocissus inserta

Villvin (Parthenocissus vitacea) er ein lauvfellande lian i villvinslekta som har ei krypande og seinare klatrande vekstform. Planten stammar frå Nord-Amerika, men blir dyrka som hageplante fleire stader i verda.

Borken er først glatt og lysegrøn med raude bladfeste. Seinare blir han gråbrun, og gamle greiner kan ha grå, oppsprekkande bork. Knoppane er lysegrå og kjegleforma. Ovanfor bladet sit ein lysegrøn slyngtråd som er spalta ut i to spissar.

Blada er samansette og femfingra. Bladranda er grovtakka, og oversida til bladet er mørkegrøn og blank, men rynkete. Undersida er lysegrøn og hårlaus. Blomstringa finn stad i juli-august, med lysegrøne blomar i små, uregelmessige klasar. Fruktene er mørkeblå og kulerunde med ein diameter på 5–7 mm. Dei har fleire kjernar.

Planten kan klatra opptil 20–30 m i vill tilstand. I Norden er høgda og breidda typisk 15 x 3 m, med ein årleg tilvekst på 75 x 15 cm.

Arten er utbreidd frå søraustlege Canada og over det meste av USA, bortsett frå på vestkysten og søraustlege delar. Han finst som botndekke eller klatreplante både i skuggefulle og opne område.

Villvin er nær i slekt med og minner om klatrevillvin (Parthenocissus quinquefolia), men dei to artane skil seg gjennom klatremåten. Villvin slyngjer seg rundt andre plantar som buskar og tre, medan klatrevillvin bruker hefteskiver som kan setja seg fast på glatte overflater som berg og mur.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]