Vincent Lerche
Vincent Lerche | |
![]() | |
Fødd | 5. september 1837 Tønsberg |
Død |
28. desember 1892 (55 år) |
Yrke | skribent, kunstmålar, illustratør, teikneserieskapar |
Born | Hans Stoltenberg-Lerche |
Vincent Lerche på Commons |
Vincent Stoltenberg Lerche (5. september 1837–28. desember 1892) var ein norsk kunstmålar. Hans beste måleri er interiørbilete frå kyrkjer og kloster, men mest kjend vart han for sine humoristiske bilete frå klostermiljø.
Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]
Lerche var fødd i Tønsberg. Frå 1857 fekk han målarutdanning i Düsseldorf. Mellom anna lærte han av landsmannen Hans Gude, noko som kan sporast i hans akvarellar. Han la ut på to studiereiser i Noreg, den fyrste i 1864 gjekk til byar i Sør-Noreg der han konsentrerte seg om å lage skisser av eldre kyrkjer. Ni år seinare reiste han langs kysten like til Vadsø.
Lerche var framand for dei nasjonale målsettingane som mange av hans eldre kunstnarkollegaer fremja. Ideologisk og tematisk var han del av den samtidige tysk kunsten som såg på den borgarlege livsverda med både romantiske og ironiske blikk.
Lerche budde i Düsseldorf frå 1872 og livet ut.
Bokverk[endre | endre wikiteksten]
- Med Blyanten, løse blade af en malers skizzebøger, 2 bd. 1873–1874
- Små billeder for store børn, 2 bd., 1876–79
- Fra det gamle hjørneskab. Skisser fra en smaaby i firtiaarene, 1893
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Norsk Allkunnebok, VIII. Bandet
- Norsk Biografisk Leksikon