Hopp til innhald

Virusrekombinasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Virusrekombinasjon er rekombinasjon som involverer genomet til eit virus. Gjennom slik rekombinasjon kan genetisk materiale kan utvekslast mellom virus, eller mellom virus og vert.[1] Rekombinasjon er òg viktig for å vøla skade på DNA og for laginga av nye kopiar av virusgenomet. Virus som bakteriofag λ og herpes simplexvirus kodar for eigne rekombinasar som kan ta del i rekombinasjon.[2]

Mange ulike kombinasjonar av virusrekombinasjonar er kjende. Særskilt vanleg er rekombinasjon mellom dobbelttråda DNA-virus, og mellom dobbelttråda DNA-virus eller retrovirus og vertsgenomet.[1] Rekombinasjon vert òg rekna som ein viktig utviklingsmekanisme for RNA-virus.[3]

Døme er òg kjende på at veikte virus laga for vaksinar har fått sjukdomsframkallande eigenskapar gjennom rekombinasjon i kroppane til vaksinerte individ.[4]

  1. 1,0 1,1 Stedman, Kenneth M (2015). «Deep Recombination: RNA and ssDNA Virus Genes in DNA Virus and Host Genomes». Annual Review of Virology 2 (1): 203–17. PMID 26958913. doi:10.1146/annurev-virology-100114-055127. Arkivert frå originalen 9. juli 2019. Henta 28. desember 2017. 
  2. Weller, Sandra K; Sawitzke, James A (2014). «Recombination Promoted by DNA Viruses: Phage λ to Herpes Simplex Virus». Annual Review of Microbiology 68: 237–58. PMC 4303060. PMID 25002096. doi:10.1146/annurev-micro-091313-103424. Arkivert frå originalen 29. juli 2021. Henta 28. desember 2017. 
  3. Galli, Andrea; Bukh, Jens (2014). «Comparative analysis of the molecular mechanisms of recombination in hepatitis C virus». Trends in Microbiology 22 (6): 354. PMID 24636243. doi:10.1016/j.tim.2014.02.005. 
  4. Norberg, Peter; Depledge, Daniel P; Kundu, Samit; Atkinson, Claire; Brown, Julianne; Haque, Tanzina; Hussaini, Yusuf; MacMahon, Eithne; Molyneaux, Pamela; Papaevangelou, Vassiliki; Sengupta, Nitu; Koay, Evelyn S. C; Tang, Julian W; Underhill, Gillian S; Grahn, Anna; Studahl, Marie; Breuer, Judith; Bergström, Tomas (2015). «Recombination of Globally Circulating Varicella-Zoster Virus». Journal of Virology 89 (14): 7133. PMID 25926648. doi:10.1128/JVI.00437-15. [daud lenkje]
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.