DNA-virus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein mimivirus-partikkel, eit DNA-virus

DNA-virus er virus som nyttar DNA som arvestoff, og dei kan ha både dobbelt- og enkelttråda DNA.[1] Nokre DNA-virus nyttar eit RNA-mellomsteg i økslinga (pararetrovirus).[2] Bakteriofagar er truleg den største biomassenjorda,[3] og dei aller fleste kjende bakteriofagane er dobbelttråda DNA-virus.[4][5] Herpesvirus, koppar-virus og pandoravirus er andre døme på DNA-virus.[5]

Dobbelttråda DNA-virus utviklar seg mykje tregare enn RNA-virus. DNA-virus nyttar DNA-polymerasar som kan retta opp att lyte som oppstår ved laging av nye DNA-molekyl. Av ein ukjend grunn utviklar derimot enkelttråda DNA-virus seg omtrent like snøgt som RNA-virus, sjølv om dei nyttar DNA-polymerasar frå verten.[2][6]

Fleire større dobbelttråda DNA-virus har ein indre membran som femnar om DNA-et, og eit DNA-virus med to kapsid er kjent (faustovirus).[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Roux, Simon; Krupovic, Mart; Poulet, Axel; Debroas, Didier; Enault, François (2012). «Evolution and Diversity of the Microviridae Viral Family through a Collection of 81 New Complete Genomes Assembled from Virome Reads». PLoS ONE 7 (7): e40418. Bibcode:2012PLoSO...740418R. PMID 22808158. doi:10.1371/journal.pone.0040418. 
  2. 2,0 2,1 Sanjuán, R; Pereira-Gómez, M; Risso, J (2016). «Genome Instability in DNA Viruses». Genome Stability. s. 37. ISBN 9780128033098. doi:10.1016/B978-0-12-803309-8.00003-3. 
  3. Rao, Venigalla B; Feiss, Michael (2015). «Mechanisms of DNA Packaging by Large Double-Stranded DNA Viruses». Annual Review of Virology 2 (1): 351–78. PMC 4785836. PMID 26958920. doi:10.1146/annurev-virology-100114-055212. 
  4. Krishnamurthy, Siddharth R; Janowski, Andrew B; Zhao, Guoyan; Barouch, Dan; Wang, David (2016). «Hyperexpansion of RNA Bacteriophage Diversity». PLOS Biology 14 (3): e1002409. PMID 27010970. doi:10.1371/journal.pbio.1002409. 
  5. 5,0 5,1 Koonin, Eugene V; Krupovic, Mart; Yutin, Natalya (2015). «Evolution of double-stranded DNA viruses of eukaryotes: From bacteriophages to transposons to giant viruses». Annals of the New York Academy of Sciences 1341: 10–24. Bibcode:2015NYASA1341...10K. PMC 4405056. PMID 25727355. doi:10.1111/nyas.12728. 
  6. Holmes, Edward C (2008). «Evolutionary History and Phylogeography of Human Viruses». Annual Review of Microbiology 62: 307–28. PMID 18785840. doi:10.1146/annurev.micro.62.081307.162912. 
  7. Klose, Thomas; Reteno, Dorine G; Benamar, Samia; Hollerbach, Adam; Colson, Philippe; La Scola, Bernard; Rossmann, Michael G (2016). «Structure of faustovirus, a large dsDNA virus». Proceedings of the National Academy of Sciences 113 (22): 6206. doi:10.1073/pnas.1523999113. 
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.