Hopp til innhald

Vivian Vance

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vivian Vance

Fødd26. juli 1909
FødestadCherryvale
Død17. august 1979 (70 år)
DødsstadBelvedere
Aktive år19331979
Verka somfjernsynsskodespelar, songar, teaterskodespelar, filmskodespelar
EktefellePhilip Ober
PrisarPrimetime Emmy Award for Outstanding Supporting Actress in a Comedy Series, stjerne på Hollywood Walk of Fame

Vivian Vance (26. juli 190917. august 1979), opphavleg Vivian Roberta Jones var ein amerikansk skodespelar og songar. Ho var best kjend for rolla som Ethel Mertz i den amerikanske sitcomserien I Love Lucy, og som Vivian Bagley i sitcommen The Lucy Show, men byrja som teaterskodespelar.

Vance var fødd i Cherryvale i Kansas som det andre av dei seks barna til Robert Andrew, Sr. og Euphemia Mae (Ragan) Jones.[1] Då ho var seks år gammal flytta familien til Independence i Kansas, der ho etterkvart byrja læra drama ved Independence High School med dramalæraren Anna Ingleman. Elsken hennar for skodespel kom i konflikt med det strenge religiøse livssynet til mora.[2] Den unge «Viv» gjorde opprør og drog etterkvart til Albuquerque i New Mexico der ho bytta etternamn til Vance og såg etter arbeid som skodespelar. Vance opptredde i den første førestillinga si nokonsinne ved Albuquerque Little Theatre i 1930.[3] Ho spelte i fleire stykke der, som This Thing Called Love og The Cradle Song. Det lokale teatersamfunnet hjelpte henne med å betala for å dra til New York for å studera under Eva Le Gallienne.[4]

Frå 1932 var Vance med i ei rekkje førestillingar på Broadway, vanlegvis som medlem av koret. Etterkvart fekk ho også biroller etter at ho hadde vore understudy for Ethel Merman i rolla som Reno Sweeney i Anything Goes.[5] Ho etterfølgde Kay Thompson i musikalen Hooray for What! (1937).

Den mest suksessrike scenerolla hennar var som Nancy Collister i Cole Porter-musikalen Let's Face It! (1941), der ho spelte med Danny Kaye og Eve Arden i over 500 førestillingar.[6]

Etter å ha spelt i The Cradle Will Rock i 1947 bestemte Vance seg for å flytta til California for å søka etter andre teaterprosjekt og filmroller. Medan ho budde i Los Angeles var Vance med i to filmar: Som Leah i The Secret Fury (1950) og som Alicia i The Blue Veil (1951). Ho fekk positiv merksemd for tolkingane sine, men filmane bidrog ikkje til å ta filmkarrieren hennar vidare. Etter tre sesongar i The Lucy Show på fjernsyn blei Vance med i ein film av Blake Edwards, The Great Race. Filmen blei nominert til fleire oscarprisar.[7]

1951–1958: I Love Lucy

Skodespelarane i I Love Lucy: William Frawley, Desi Arnaz, Vivian Vance og Lucille Ball.

Desi Arnaz og Lucille Ball såg etter skodespelarar i den nye fjernsyns-sitcommen I Love Lucy i 1951 føreslo regissøren Marc Daniels Vance i rolla som huseigaren Ethel Mertz, etter å ha arbeidd med henne i teater.[8] Lucille Ball hadde ønska seg anten Bea Benaderet eller Barbara Pepper, som begge var nære vener, til rolla. CBS nekta å bruka Pepper med grunngjevinga at ho sleit med alkoholisme,[9] medan Benaderet allereie spelte Blanche Morton i The George Burns and Gracie Allen Show.[10]

Til slutt fekk 42 år gamle Vance rolla som Merts. Programmet blei først send 15. oktober 1951 på CBS. Vance sin rollefigur Ethel Mertz var eigaren av ein leilegheit i New York på East 68th Street saman med ektemannen Fred. Fred Mertz blei spelt William Frawley, som i røynda var 22 år eldre enn henne. Sjølv om dei spelte særs godt saman, hadde ikkje paret like god kjemi utanfor innspelingsrammene.[11] Vance skal særleg ha mislikt den grinebitarske oppførselen til Frawley.[12]

I 1953 blei Vance æra for arbeidet sitt som den første skodespelaren til å vinna ein emmypris for «Outstanding Supporting Actress». Ho blei nominert tre gonger til (i 1954, 1956 og 1957) før serien var over.[13]

I 1957, etter at I Love Lucy hadde endt, fortsette Vance å spela Ethel Mertz i ei rad spesialsendingar kalla The Lucille Ball-Desi Arnaz Show (seinare omdøypr til The Lucy-Desi Comedy Hour). Desse var ein time lange, medan I Love Lucy-episodar hadde vart i ein halvtime. Då I Love Lucy blei omforma til timeslange Lucy-Desi-sendingar i 1957, gav Desi Arnaz Vance og Frawley eit tilbod om å spela i sitt eige Fred and Ethel spin-off-show. Medan Frawley var svært interessert, avslo Vance, både fordi ho ikkje kom så godt overeins med Frawley og fordi ho ikkje trudde paret Mertz kom til å slå så godt an utan paret Ricardo.[14] I staden var Vance interessert i å laga ein serie basert på livet til Babs Hooten, ei sosietetskvinne frå New York som flytta til New Mexico for å driva eit ranch-hotell. Desi Arnaz finansierte ei pilotinnspeling med Vance som Hooten kalla Guestward, Ho!, som blei spelt inn i 1958 av Desilu. CBS var ikkje interessert i serien, og Vance fortsette å spela Ethel Mertz. Arnaz omforma seinare serien med modellen og skodespelaren Joanne Dru i hovudrolla, og selde han til ABC der han berre fekk ein sesong.[15]

1962–1977: The Lucy Show og seinare

Skodespelarane i The Lucy Show i dei første tre sesongane: Candy Moore (bak); framme frå venstre til høgre: Jimmy Garrett, Lucille Ball, Vivian Vance og Ralph Hart (1962)

I 1962 planla Lucille Ball å venda attende til fjernsynet med ein ny serie, The Lucy Show. I serien spelte ho Lucy Carmichael, ei enkje med to barn som bur i Danfield i New York. Vance gjekk motvillig med på å spela i serien, men insisterte på å ha flottare klede enn tidlegare og på at rollefiguren hennar skulle heita Vivian. På denne tida var Vance blitt lei av å stadig bli kalla «Ethel» av publikum.

Vance spelte i The Lucy Show frå 1962 til 1965, i rolla som Vivian Bagley, ei fråskild kvinne med ein son som delte hus med figuren til Ball. Figuren var den første fråskilde kvinna til å opptre ei ein vekeviss amerikanske fjernsynsserie.

Vance med Allen Case i The Deputy (1959)
I ei gjesterolle på Rhoda med Valerie Harper (1975)

Seinare opptredde Vance frå tid til annan med Ball på reunion-shows og i fleire gjesteroller i den tredje sitcommen til Ball, Here's Lucy (1968–1974). Rundt denne tida fekk ho ein avtale med Maxwell House Coffee, som ho opptredde for i reklamar i dei neste åra. Vance hadde fleire gjesteroller på TV på 1970-talet, mellom anna ein velkjend episode av Rhoda i 1975, og spelte i fleire TV-filmar som The Front Page (1970), Getting Away From it All (1972) og The Great Houdini (1976). Ho og Ball opptredde saman for siste gong i 1977 i ei spesialsending på CBS, Lucy Calls the President.[16]

Privatliv og ettermæle

[endre | endre wikiteksten]

Vance var gift fire gonger. I 1959 skilde ho seg frå den tredje ektemannen sin Philip Ober, etter 18 års ekteskap. Han skulle ha drive med fysisk misbruk av henne.[17][18]

16. januar 1961 gifta ho seg med John Dodds (1922–1986), ein litterær agent og forleggjar. Dei slo seg ned i Stamford i Connecticut, og flytta til California i 1974. Ekteskapet varte til Vance døydde.[19]

I 1973 fekk Vance diagnosen brystkreft. Same året som ho hadde si siste fjernsynsrolle, i Lucy Calls the President i 1977, hadde ho eit slag som gjorde henne delvis lamma. Ho døydde 17. august 1979, 70 år gammal, av framskriden brystkreft.

Etter at ho døydde donerte familien Emmy-prisen til Vance til Albuquerque Little Theatre, der ho hadde debutert. I eit intervju i 1986 snakka Lucille Ball om å sjå Vance att i gamle episodar av I Love Lucy:

« I find that now I usually spend my time looking at Viv. Viv was sensational. And back then, there were things I had to do — I was in the projection room for some reason — and I just couldn't concentrate on it. But now I can. And I enjoy every move that Viv made. She was something.[20] »

I 1991 blei Vance posthumt heidra for bidraget sitt til fjernsyn med ei stjerne på Hollywood Walk of Fame ved 7030 Hollywood Boulevard.[21]

Vance er minna i Lucille Ball–Desi Arnaz Center i Jamestown i New York. Vance og Frawley blei tekne inn i Television Academy Hall of Fame i mars 2012.

Vance var gudmor for John Sebastian, gitaristen i Lovin' Spoonful, fordi ho var nær ven av mor hans. Vance sjølv hadde ingen barn.

ÅrTittelRolleMerknadar
1926The Patent Leather Pug
1933Take a ChanceDancehall Girl
1945Eadie Was a LadyLady On The Stairs
1950The Secret FuryLeah
1951The Blue VeilAlicia Torgersen
1953I Love LucyEthel MertzIkkje gjeven ut
1965The Great RaceHester Goodbody
ÅrTittelRolleMerknadar
1951–1957I Love LucyEthel Mertz179 episodar
1954Texaco Star TheatreEthel MertzEpisode - "Episode #6.23"
1955Shower of StarsMrs. MullinsEpisode - "High Pitch"
1957–1960The Lucy–Desi Comedy HourEthel Mertz13 episodar
1959The DeputyEmma GantEpisode - "Land Greed"
1960Guestward, Ho!BabsEpisode - "The Hootens Buy a Ranch"
1960–1964The Red Skelton ShowClara Appleby5 episodes
1962–1968The Lucy ShowVivian Bagley81 episodes
1967Off to See the WizardSarah's MotherEpisode - "Rhino"
1968–1972Here's LucyVivian Jones6 episodes
1969Love, American StyleMadame Zimia ZygmundtSegment: "Love and the Medium"
1970The Front PageMrs. GrantFjernsynsfilm
1972Getting Away from It AllMary BrodeyFjernsynsfilm
1972The LoraxSongar
1975RhodaMaggie CummingsEpisode - "Friends and Mothers"
1976The Great HoudiniMinnie (Nurse)Fjernsynsfilm
1977Lucy Calls the PresidentViv
1978SamEpisode - "Episode #1.6" (siste opptreden)
  1. Elisabeth Edwards (2008). «"I Love Lucy" Cast Biographies: Vivian Vance». CBS. Arkivert frå originalen 23. februar 2008. Henta 4. april 2008.
  2. Roberts, Kathleen (7. september 2014). «Vivian Vance's sister shares her memories of the 'I Love Lucy' star». Albuquerque Journal. Henta 6. april 2023.
  3. «History». Albuquerque Little Theatre (på engelsk). 1. august 2016. Henta 11. oktober 2016.
  4. Keller, James M. (2. januar 2015). «We love Ethel: Vivian Vance in Albuquerque». Santa Fe New Mexican (på engelsk). Henta 6. februar 2024.
  5. "Before she was Ethel Mertz", Playbill.com. Vitja 7. juni 2024.
  6. Staff, Playbill. «Playbill Vault's Today in Theatre History: October 29». Playbill.
  7. Variety Staff (31. desember 1964). «The Great Race». Variety. Henta 10. september 2024.
  8. Thomas, Bob (15. oktober 2001). «Still Loving Lucy TV Classic Debuted 50 Years Ago Today». Associated Press. Arkivert frå originalen 10. juni 2014. Henta 15. juli 2013.(krev abonnement)
  9. Karol, Michael (4. januar 2004). Lucy A to Z: The Lucille Ball Encyclopedia (på engelsk). iUniverse. s. 56. ISBN 9780595752133.
  10. Ken Severson (2008). «Biography for Bea Benaderet». Internet Movie Database. Henta 4. april 2008.
  11. Michael Karol (2006). «I Love Lucy». Lucy A to Z. Arkivert frå originalen 27. september 2007. Henta 4. april 2008.
  12. Mikkelson, Barbara and David (27. mai 2002). «Weighty Matters». Snopes. Henta 4. april 2008.
  13. «Vivian Vance». Television Academy (på engelsk). Henta 6. februar 2024.
  14. Libby Pelham (25. mars 2006). «I Really Love Lucy». Families.com. Henta 4. april 2008.
  15. «Mark Miller, 'Please Don't Eat the Daisies' Star and 'Walk in the Clouds' Screenwriter, Dies at 97». The Hollywood Reporter. 14. september 2022. Henta 6. februar 2024.
  16. «Vivian Vance and William Frawley: Hall of Fame Tribute». Television Academy (på engelsk). Henta 6. februar 2024.
  17. frankfob2 [sic] (2008). «Biography for Philip Ober». Internet Movie Database. Henta 4. april 2008.
  18. Birrell, Oliver. «4 Troubled Marriages Of 'I Love Lucy' Star Vivian Vance, And The Man Who Stayed Until Her Final Days». Fabiosa. Henta 22. september 2020.[daud lenkje]
  19. «Vivian Vance, Actress, Dies at 66; Co-Star of 'I Love Lucy' TV Show». The New York Times (på engelsk). 18. august 1979. ISSN 0362-4331. Henta 6. februar 2024.
  20. Shales, Tom (19. september 1986). «Lucy, Coming To Life». Washington Post. Henta 23. mars 2020.
  21. «Awards for Vivian Vance». Internet Movie Database. 2008. Henta 4. april 2008.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Vivian Vance
Litteratur
  • Castelluccio, Frank and Walker, Alvin. The Other Side of Ethel Mertz: The Life Story of Vivian Vance. New York: Berkley Books, 2000. ISBN 0-425-17609-6
  • Edelman, Rob and Kupferberg, Audrey. Meet the Mertzes: The Life Stories of I Love Lucy's Other Couple. Los Angeles, Calif.: Renaissance Books, 1999. ISBN 1-58063-095-2