Vladimir Jasjtsjenko
Vladimir Jasjtsjenko | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Ukraina |
Fødd | 12. januar 1959 Zaporizjzjia |
Død | 30. november 1999 (40 år) Zaporizjzjia |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1980 |
Utmerkingar | Idrettens mester i Sovjetunionen |
Vladimir Iljitsj Jasjtsjenko [a] (12. januar 1959–11. desember 1999) var ein sovjetisk friidrettsutøvar frå Zaporizjzja. Han deltok i høgdehopp og vart europameister i øvinga i 1978. Jasjtsjenko var den siste verdsrekordhaldaren med dykkstil.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Jasjtsjenko sette tre verdsrekordar i høgdehopp. Fyrste gongen 18 år gammel under ein landskamp mellom Sovjetunionen og USA den 2. juni 1977 i Richmond i Virginia. Han forbetra då verdsrekorden til 2,33 m, ein centimeter den årsgamle rekorden til USA-amerikanaren Dwight Stones.
Den 12. mars 1978 under innandørs-EM hoppa Jasjtsjenko ny innandørs-verdsrekord med 2,33 m, før han så også gjekk over 2,35 m. Om sommaren, 16. juni i Tblisi, forbetra han utandørsrekorden til 2,34 m. I byrjinga av september vart han europameister ved å vinne høgdefinalen i Praha med ny meisterskapsrekord 2,30 m, framom landsmannen Aleksandr Grigorjev og austtyske Rolf Beilschmidt, begge 2,28 m.
Vinteren 1979 vart Jasjtsjenko operert i hoppkneet sitt, noko som leia til ei rad nye operasjonar som aldri lukkast betre på skaden. Hans tid som aktiv idrettsmann var dermed over i ein alder av 20 år.
Han døydde 40 år gammal av levercirrhose, etter stort inntak av alkohol gjennom mange år.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Russisk skrift Владимир Ильич Ященко
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wladimir Jaschtschenko» frå Wikipedia på tysk, den 9. september 2014.