Vladimir Kisjkun
Utsjånad
| Vladimir Kisjkun | |
| Statsborgarskap | Russland |
| Fødd | 5. november 1951 (74 år) St. Petersburg |
| Yrke | friidrettsutøvar |
| Språk | russisk |
| Høgd | 187 centimeter |
Vladimir Kisjkun (fødd 5. november 1951) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar som deltok for Sovjetunionen. Han vart europameister i stavhopping i 1974.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Etter å ha sett personleg rekord med 5,20 meter i 1972 hadde Kisjkun ytterlegare framgang dei neste åra. I 1974 gjekk han for fyrste gong over 5,40 meter. Likevel var han ikkje mellom dei største favorittane under europameisterskapen i Roma hausten 1974. Men der sigra han med eit hopp på 5,35 meter, same resultatet nådde sølvmannen Władysław Kozakiewicz frå Polen.
Kijskun vart sovjet-meister i stavhopp i 1974, 1975 og 1977. Under dei olympiske sommarleikane i Montreal i 1976 kom han på 13.-plassen. Hans personlege rekord på 5,55 meter er frå 1977-sesongen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Friidrott-73.
- Friidrott-75.
- World Athletics