Władysław Kozakiewicz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Władysław Kozakiewicz
Wladyslaw Kozakiewicz.jpg
Władysław Kozakiewicz i 2010
Foto: Ja Fryta
Fødd 8. desember 1953
Šalčininkai
Yrke friidrettsutøvar
Władysław Kozakiewicz på Commons

Władysław Kozakiewicz (fødd 8. desember 1953) er ein polsk, seinare vesttysk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Šalčininkai i Litauen. Han tevla i stavhopp og vart olympisk meister for Polen i øvinga i 1980.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kozakiewicz sette personleg rekord med 5,38 m i 1974. I EM i friidrett 1974 svinga han seg over 5,35 m og tok sølvmedaljen, på same høgda som gullvinnaren Vladimir Kisjkun frå Sovjetunionen. Året etter sette han europarekord med 5,60 m. Han var småskadd då han deltok i OL-tevlinga i Montreal i 1976, der han vart nummer 11. Under europameisterskapen 1978 klarde han 5,45 m og kom på fjerdeplass med 5,45 m, same høgda som bronsevinnaren Rauli Pudas frå Finland.

Den 11. mai 1980 forbetra Kozakiewicz verdsrekorden i stavhopp med to centimeter til 5,72 m under eit stemne i Milano. Rekorden stod berre nokre veker og i vart i løpet av juni og juli månad forbetra to gongar av to ulike franskmenn, Thierry Vigneron og Phillippe Houvion.

Kozakiewicz tok tilbake verdsrekorden då han den 30, juli vart olympisk gullmedaljør i stavhopp under OL 1980 i Moskva. Han svinga seg over 5,78 m, ein cm over den 13 dagar gamle verdsrekord til Houvion. Landsmannen til Kozakiwicz, tittelforsvararen frå Montreal og Sommar-OL 1976, Tadeusz Ślusarski fekk sølv saman med Konstantin Volkov frå Sovjetunionen, begge med høgda 5,65 m.

I 1985 utvandra Kozakiewicz til Vest-Tyskland. Han sette vesttysk rekord med 5,70 meter og vart vesttysk meister i stavhopp i 1986 og 1988.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]