Vladimir Stasov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vladimir Stasov

Portrett av Vladimir Stasov av Ilja Repin, olje på lerret 1883
Verkeleg namn Владимир Васильевич Стасов
Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 2. januar 1824
St. Petersburg
Død

10. oktober 1906 (82 år)
St. Petersburg

Yrke journalist, skribent, musikkritikar, kommentator, kunsthistorikar, kunstkritikar, arkivar
Språk russisk
Medlem av Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Far Vasilij Stasov
Vladimir Stasov på Commons

Vladimir Vasiljevitsj Stasov (14. januar 182423. oktober 1906) var ein russisk kunstkritikar med stort gjennomslag i si epoke. Han var fødd i St. Petersburg og døydde same staden. Faren Vasilij Stasov var ein kjend arkitekt.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Stasov avla juridisk eksamen i 1843. I 1847 gav han ut ein monografi om komponisten Mikhail Glinka. I denne framheva han Glinkas bruk av motiv frå russisk folkeliv. Frå den tid var Stasov ein iherdig talsmann for å nytte russiske motiv i all kunst, framfor dei rådande europeiske.

Han ynskte russisk kunst skulle frigjere seg frå det han oppfatta som Europas tvangsgrep. Ved å kopiere vesten ville russarane i beste fall lage annanrangs kunst. Lånte dei derimot frå deira eigne heimlege tradisjonar, kunne dei klare å skape ein ekte nasjonal kunst som kunne måle seg med Europas kunst, med den høge kunstnariske standarden og originaliteten denne hadde. Med "nasjonal" meinte Stasov at kunsten skulle ikkje berre skildre folkets liv, men også vere meiningsfull for dei og syne dei korleis dei skulle vere.

År 1859 fekk Stasov tilgang til St. Petersburgs kunstakademi. Stasov vart her ein drivande framhjelpar for kunstrørsla Peredvizjnikij. Då Mir iskusstva kom ut med sine fyrste verk i 1898, var Stasov derimot sterkt negativ. Stasov tente elles som ein slags rådgjevar og støttespelar for dei russiske komponistane kalla Dei Fem.

Stasov var i fleire tiår ein dominerande figur i russisk kulturliv, somme kritikarar meiner han var ein tyrann. Han oppdaga ei heil mengd av dei største talenta, og inspirerte mange i deira arbeid. Dessutan kjempa han for kunsten deira i tallause artiklar og i brev til pressa. Brevvekslinga hans er ei viktig kjelde til dåtidas russiske kulturliv.

Saman med venen Leo Tolstoj vart Stasov i 1900 utnemnd til æresmedlem av det russiske vitskapsakademiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Vladimir Stasov