Vladimir Vikulov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vladimir Vikulov
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 20. juli 1946
Moskva
Død

9. august 2013 (67 år)
Moskva

Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1972, Vinter-OL 1968

Utmerkingar

Ærestegnets orden, «Arbeidets helt«-medaljen, Idrettens mester i Sovjetunionen

Vladimir Ivanovitsj Vikulov (20. juli 19469. august 2013) var ein sovjet-russisk ishockeyspelar frå Moskva som i tida 1966-75 vann sju VM-gull og to OL-gull med Sovjetunionen sitt sigerrike landslag.

Frå 1966 til -71 var Vikulov årleg med på å verte verdsmeister for Sovjetunionen. Både i 1968 og 1972 vart han olympisk meister, men under Ishockey-VM 1971 måtte han og lagkameratane nøye seg med sølv. Etter å ha vorte vraka frå to verdsmeisterskap, fekk Vikulov plass i troppa til Ishockey-VM 1975. Der vann han sitt sjuande VM-gull og han fekk plass på All Star Team. Vikulov spelte 195 landskampar og skåra 109 mål. Han var vengspelar.

Vikulov gjorde teneste i CSKA Moskva frå 1963 til 1979. Gjennom desse åra vart han sovjetmeister ti gongar; fyrste gong i 1966 og siste gong i 1979.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]