Ishockey-VM 1975

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen i ishockey 1975 vart arrangert i Vest-Tyskland i tida frå 3. til 19. april 1975, fordelt på Düsseldorf og München. Meisterskapen vart avvikla som ein seriemeisterskap der dei seks deltakarlanda møttest i doble innbyrdes oppgjer. Tittelforsvarar Sovjetunionen vart verdsmeister etter å ha vunne alle kampane. Tsjekkoslovakia sikra seg sølvplassen og Sverige kneip tredjeplassen.

Tabell[endre | endre wikiteksten]

Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
1  Sovjetunionen 10 10 0 0 90 - 23 20
2  Tsjekkoslovakia 10 8 0 2 55 - 19 16
3  Sverige 10 5 0 5 55- 34 10
4  Finland 10 5 0 5 36 - 34 10
5  Polen 10 2 0 8 18 - 78 4
6  USA 10 0 0 10 22 - 84 0

Sovjetunionens meisterlag[endre | endre wikiteksten]

Målvakter: Vladislav Tretjak, Viktor Krivolapov
Forsvarar: Valerij Vasiljev, Vladimir Lutsjenko, Jurij Ljapkin, Gennadij Tsygankov, Jurij Fjodorov, Jurij Tjurin, Aleksandr Filipov
Løparar: Boris Mikhajlov, Valerij Kharlamov, Aleksandr Maltsev, Vladimir V. Petrov, Aleksandr Jakusjev, Vladimir Sjadrin, Vjatsjeslav Anisin, Jurij Lebedev, Viktor Sjalimov, Sergej Kapustin, Vladimir Vikulov.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]