Vladimir Zjirinovskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vladimir Zjirinovskij
Vladimir Zhirinovsky (cropped, 2018-03-19).jpg
Fødd25. april 1946
Almaty
Død6. april 2022 (75 år)
Statsborgar avRussland
PartiRusslands liberaldemokratiske parti, Sovjetunionens liberaldemokratiske parti, Democratic Union
Yrkepolitikar, advokat, militær
Utdanna vedInstitutt for orientalske språk
Marxist-leninistisk universitet
Statsuniversitetet i Moskva
Institutt for Asia- og Afrikastudier ved Moskvas statsuniversitet
Juridisk fakultet ved Statsuniversitetet i Moskva
BarnIgor Lebedev
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling
syvende statsduma
sjette statsduma
femte statsduma
fjerde statsduma
tredje statsduma
annen Statsduma i Det russiske samveldet
første Statsduma i Det russiske samveldet
åttende statsduma

Vladimir Volfovitsj Zjirinovskij (fødd 25. april 1946 i Almaty, død 6. april 2022) var ein kontroversiell høgreorientert russisk politikar. Han var leiar av det høgrepopulistiske «liberaldemokratiske» partiet.

Zjirinovskij var fødd inn i ein russisk-jødisk familie i Kasakhstan. Han studerte språk og jus ved Universitetet i Moskva, og det går rykte om at han jobba for KGB, sjølv om han har avvist desse rykta. I 1989 grunnla han Russlands liberaldemokratiske parti, som han sidan har leidd. Han har sete i den russiske Dumaen sidan 1993 og stilte til presidentvala i 1991, 1996 og 2000, og fekk høvesvis 8 %, 6 % og 2,7 % av røystene. Han var igjen kandidat ved presidentvalet i 2008.