Almaty

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Almaty
Horisonten til Almaty
Horisonten til Almaty
Flagget til Almaty Byvåpenet til Almaty
Flagget til Almaty Byvåpenet til Almaty
Styresmakter
Land
Oblast
Kasakhstan
Almaty by
Først busett
Grunnlagd
1000-900-talet fvt.
1854
Akim Imangali Tasmagambetov
Geografi
Flatevidd 682 km²
Flatevidd
 - By

324,8 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

1 226 300
  3 776/km²
Koordinatar 43°16′39″N 76°53′45″EKoordinatar: 43°16′39″N 76°53′45″E
Høgd over havet 500 - 1700 moh m
Tidssone BTT (UTC+6)
Diverse anna
Postnummer 050000 - 050063
Telefon-retningsnummer +7 727
Bilnummer A
Heimeside: http://www.almaty.kz
Plassering
Plasseringa i Kasakhstan
Plasseringa i Kasakhstan
Plasseringa i Kasakhstan

Almaty (russisk Alma-Ata, før 1921 Vernij, kasakhisk Алматы) er den største byen i Kasakhstan, og har har om lag 1 226 000 innbyggarar. Fram til juni 1998 var han òg hovudstad, men denne statusen vart overført til Astana i 1997. Trass i dette er han framleis det største handelssenteret i Kasakhstan.

Namnet Almaty tyder «epla sin far», og kjem frå alle dei ulike epleslaga som veks rundt byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Førhistorie[endre | endre wikiteksten]

I bronsealderen900- eller 1000-talet fvt. slo dei første bøndene og kvegoppdrettarane seg ned i området rundt Almaty.

Under Saka sin periode (frå 600-talet fvt. til like etter år 0) var Almaty bustad for Saka-stammer og seinare Wusun-stammer som busette området nord for Tian Shan-fjella. Ein finn spor etter fleire gravhaugar og gamle busetjingar, som dei enorme gravhaugane til Saka-tsarane.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

På 700- til 900-talet utvikla det sg ein bykultur og menneska som tidlegare hadde drive jordbruk byrja å samle seg saman i landsbyar i og byar i området Zjetysu.

På 900- til 1300-talet vart busetjingane i det såkalla «Stor Almaty» liggande langs handelsrutene langs Silkevegen. Dette gjorde vart då eit senter for handel, handverk og jordbruk på Silkevegen og hadde eigne myntar. Byen vart først nemnd som Almatu i gamle bøker frå 1200-talet.

1400- 1700-talet[endre | endre wikiteksten]

På 1400- 1700-talet vart det etter kvart nedgangstider i byen då handelen langs Silkevegen minka. Dette var ei tid med store etniske og politiske omveltingar, og den kasakhstanske nasjonen vart grunnlagd her, nær Almaty.

Desse landområde var vitne til den tragiske utviklinga knytt til dzjungarane sitt inntog i området og kaskhastanarane gjorde harde forsøk på å verne seg sjølv og halde på sjølvstende sitt. I 1730 slo kasakhstanarane dzjungarane i Anyrakaj-fjella, 70 km nordvest for Almaty. Dette var ei avgjerande hending i partiotkrigen mellom kasakhstanarane og dzjungarane.

Grunnlegginga av Vernij[endre | endre wikiteksten]

4. februar 1854 starta den nyare historia til byen då den russiske festninga Vernij vart forsterka nær Zajlijskij-Alatau-fjella mellom elvane Bolsjaja og Malaja Almatinka. Vernij festning stod nesten ferdig hausten 1854 med tregjerde langs Malaja Almatinka. Seinare vart tregjerdet erstatta av murar.

I 1855 kom dei første omplasserte kasakhstanarane i Vernij og etter 1856 tok Vernij imot russiske bønder. Dei grunnla Bolsjaja Almatinskaja Stanitsa (kosakklandsby) nær festninga. Fleire flytta til byen etterkvart og Malaja Almatinskaja Stanitsa og Tatarskaja (Tasjkentskaja) sloboda vart oppretta. Dette var busetjingar for tatariske handelsmenn og handverkarar.

I 1867 vart festninga omforma til ein by og kalla Almatinsk. Innbyggjarane likte ikkje det nye namnet og snart vart byen omdøypt til Vernij igjen.

28. mai 1887 øydela eit kraftig jordskjelv nesten heile Vernij på 11-12 minutt.

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Zenkov-kyrkja, ei russisk-ortodoks kyrkje frå 1800-talet. Det er den nest høgaste trebygningen i verda.[1]

I 1921 vart namnet på byen endra til Alma-Ata.

I 1930 stod jernbanenlinja Turkestan-Sibir ferdig, noko som gav byen eit kraftig økonomisk løft, og som var avgjerande for at hovudstaden i republikken Kasakhstan under Sovjetunionen vart flytta frå Kyzyl-Orda til Alma-Ata i 1927. I 1930 vart òg flyplassen i byen opna og han fekk flysamband til Moskva. Omforminga frå ein liten by til hovudstanden av ein republikk førte med seg kraftig utbygging av administrative bygg og bustadar.

Sidan 1981 har undergrunnsbanen i Almaty vore under utbygging. I 1993 valde regjeringa i Kasakhstan å døype byen om til Almaty, og i 1997 vart hovudstaden i landet flytta frå Almaty til Astana.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vêrdata for Almaty
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 0,6 2 8,7 17,4 22,6 27,5 30,2 29,4 24,5 16,4 8,1 2,3 15,8
Døgnmiddeltemperatur °C −3,9 −2,6 3,8 11,7 16,8 21,5 24,2 23,1 18 10,5 3,3 −2 10,4
Gjennomsnittleg min °C −8,4 −7,2 −1,2 5,9 11 15,5 18,1 16,8 11,5 4,6 −1,5 −6,4 4,9
Gjennomsnittleg nedbør mm 34,2 41,7 74,4 106,7 107,8 59,5 46,9 30,2 25,1 56,8 57,9 43,5 684,7
Kjelde: Алматы ауа райы

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ness, Immanuel. Encyclopedia of World Cities. M E Sharpe Reference, 1999. ISBN 0-7656-8017-3. s 19.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Almaty
Reiseguide for Almaty frå Wikivoyage