Voilock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein voilock under ei sal utan bom

Ein voilock er ein type salteppe til hest som er forma som salen, i motsetnad til ein shabrack, som er firkanta. Voilocken finst i mange variantar, både til dressursal, sprangsal og allroundsalar. Voilocken finst også i alle moglege fargar og stofftyper med ulik saum og sying.

Eit salteppe som ein voilock eller ein shabrack gjer at salen ligg betre på plass. Salteppet tar også opp sveitte frå ryggen til hesten, og hindrar dermed at sjølve salen blir blaut, noko som kan skade lêret.