Sal til dyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sal frå Australia.
Damesalane var slik innretta at kvinnene kunne ri med båe beina på den eine sida av hesten, som jo var ei naudsynt løysing når lange kjolar var obligatorisk påklednad.
Ein far med sine to døtrer rir ut på jakt.

Sal er ei innretning til å leggje på ryggen til ridedyr eller transportdyr for anten å nyttast som sete for ryttaren (ridesal) eller for å feste og frakte varer på ryggen av dyret (pakksal og kløvsal, eller berre kløv). Salar gjer det lettare for ryttaren eller lasta å sitja trygt på dyret, og kan ha ulike utformingar etter bruk. Salen og utstyret som høyrer til, vert kalla saltøy. Utforminga av salar er avhengig av bruksområde og tradisjon.

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Salar til bruk på hest er laga av ein salbom av tre, metall eller glasfiber utstyrt med puter som ligg inn på hesteryggen på kvar side av ryggraden, og slik skånar ryggraden for å bli skada av tyngda til ryttaren eller lasta. Ofte er det nytta eit underlagsdekken under salen. Salen er festa til ryggen på hesten ved hjelp av ein salgjord, ei brei reim av lær eller tekstil som går under buken på hesten. Sjølve setet og salkappene, som gjerne er laga av lêr, er festa til salbommen, der òg stigbøylane er festa ved hjelp av bøyelreimane. Stigbøylane er dei metallbøylane på kvar side som ryttaren har føtene i (og som har gjeve namn til den liknande knokkelen i øyret hjå pattedyr).

Sal for kamelar og dromedarar er tilpassa puklane til desse dyra.[1] Større salar kunne ha overbygg. Liknande salar finn ein også for elefantar, tidlegare mykje brukt i India under namnet hauda (howdah). Desse har som regel plass til to eller fleire personar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hestesalen oppstod truleg på dei asiatiske steppene, der ein også fann opp stigbøyelen og komteselen.[1] Han var ein viktig teknologi til bruk i krigføring og riddarkamp i mellomalderen, fordi han gjorde at krigarar sat mykje støare på hesten.[1]

Moderne hestesalar har to hovudutformingar. Westernsal har høg forsvissel som ein kan festa tau i og høg bakbom som gjev god støtte. Den engelske salen er lettare og flatare,[1] og er vanleg til moderne sportsriding, turriding, dressurriding og sprangriding, og er utvikla med opphav i den salen som vart nytta under jakt med hest i England. Det finst også ein noko tyngre sal som blir kalla militærsal eller ungarsk sal som er noko brukt til turriding.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Saddle», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica, inc., 12. juli 2013 
  2. Evang, Hans. (18. oktober 2017). «Sal». Store norske leksikon. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sal til dyr