Volkswagen New Beetle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Volkswagen New Beetle 1998–2005
Volkswagen New Beetle 2005–2010

Volkswagen New Beetle er ein bilmodell som kom på marknaden i 1998. Utsjånaden til bilen er sterkt inspirert av den opphavlege Volkswagen-«bobla».

New Beetle har motoren framme og forhjulsdrift, og slektskapen til originalmodellen ligg berre i namnet og forma på karosseriet. Under karosseriet er han ein moderne bil på alle måtar, basert på Volkswagens A4-plattform, som òg vart nytta i fjerde generasjon av Volkswagen Golf. I direkte kontrast til originalen skulle New Beetle aldri vera den økonomiske, enkle, pålitelege transporten som forgjengaren var meint som.

På bilutstillinga i Detroit i 1994 presenterte Volkswagen «Concept 1», ein konseptbil med futuristisk styling, men samstundes inspirert av den runde forma til den originale Bobla. Sterke reaksjonar frå publikum overtydde VW om å setja bilen i produksjon, og i 1998, 20 år etter at den siste originale Bobla vart seld i USA, lanserte Volkswagen New Beetle, designa av J.Mays og Freeman Thomas, ved designstudioet til selskapet i California.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]