Voltaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Voltaelva
elv
none
Land Flag of Ghana.svg Ghana, Flag of Burkina Faso.svg Burkina Faso
Lengd 1 500 km
Middelvassføring 1 210 /s
Munning Guineabukta
Kart over Volta og dei tre tilløpselvan, Kvite Volta, Raude Volta og Svarte Volta
Kart over Volta og dei tre tilløpselvan, Kvite Volta, Raude Volta og Svarte Volta
Wikimedia Commons: Volta River

Volta er ei elv i Vest-Afrika som renn gjennom Ghana og Burkina Faso. Ho har tre store tilløpselver - Kvite Volta (Nakambé), Raude Volta (Nazinon) og Svarte Volta (Mouhoun). Alle desse tre har utspring i Burkina Faso og renn mot sør inn i Ghana. Her munner først Raude Volta ut i Kvite Volta. Seinare møter Kvite og Svarte Volta kvarandre og dannar hovudelva Volta, som munnar ut i Guineabukta.

Namnet «Volta» kjem frå portugisisk og har tydinga 'vende' eller 'snu', fordi tidlege portugisiske gullhandlarar brukte elva som markering av det fjernaste punktet for sine reiser før dei vende om. Portugisarane kjøpte mykje av gullet sitt frå innbyggjarane i regionen under renessansen. Elva gav seinare navn til kolonien Fransk Øvre Volta og deretter den sjølvstendige staten Republikken Øvre Volta, før landet endra namn til Burkina Faso i 1984.

Elva er sterkt utbygd. Voltasjøen i Ghana er verdas største menneskeskapte innsjø, og strekkjer seg frå Akosombodemningen i søraustre Ghana til byen Yapei, rundt 400 kilometer lenger nord. Innsjøen gjev elektrisitet, transport, og høve til kunstig vatning og fiskeoppdrett. Han har også medført at elva ikkje lenger fraktar sediment til kysten, som derfor har begynt å erodera raskt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]