Renault Trucks
| Renault Trucks | |||
| | |||
| | |||
| Skipa | 1894 | ||
|---|---|---|---|
| Forgjengar(ar) | Berliet, Saviem | ||
| Eigar | Aktiebolaget Volvo | ||
| Morselskap | Volvo Lastvagnar | ||
| Eigenandel i | Arquus | ||
| Hovudkontor | Saint-Priest | ||
| Land | Frankrike | ||
| Produkt | Lastebilar og bussar | ||
| Grunnleggjar(ar) | Marius Berliet, Louis Renault | ||
| Nettstad | https://www.renault-trucks.com (fransk) | ||

Renault Trucks er ein fransk lastebil- og varebilprodusent. Føretaket vart stifta i 1978, då Saviem og Berliet (som var eigd av Renault) gjekk saman til Renault Véhicules Industriels (RVI). I 2001 vart føretaket kjøpt av Aktiebolaget Volvo og namnet vart endra til Renault Trucks. Renault eig i sin tur ein del av Aktiebolaget Volvo.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Renault vart stifta av Louis Renault i 1898 for å produsera bilar. Dei fyrste lastebilar og bussane vart produserte i 1906.[1] Den fyrste lastebilen hadde ein tosylindra motor med eit slagvolum på 1,9 liter og effekt på 10 hk. Nyttelasten var på eit tonn. I 1909 kom det ein ny modell, med ein firesylindra motor og ein nyttelast på 3 tonn. Det kom òg ein større modell, med ein firesylindra motor med eit slagvolum på 6.1 liter og ei nyttelast på 5 tonn. Girkassen hadde fire hastigheiter og det var kjedeoverføring frå girkassen til drivhjula.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Bradley, Elliot (1979). Trucks and trucking. Crescent Books. s. 94. ISBN 0-517-27343-8.