Votlo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Votlo sett frå Ytre Arna.

Votlo er ei bygd ved HausOsterøya som ligg ved Sørfjorden ved Osterøy. Grenda ligg brattlendt til mot sør med mykje edellauvskog og sjeldne plantar i liene. Om våren er liene fulle av ramslauk, angen av lauk eller løk kjenner ein lang lei.

Namnet kjem truleg av «vetle å» (på andre sida av fjorden ligg Ytre Arna med den store elva, eller «Ælvæ», altså Blindheimselva). Namnet har vore skrive på ymse måtar opp gjennom tidene, t.d: Vatle, Wotle, Wathle, Votle og Vasle.

På Gloppestølen (Rivenes) er der funne tufter av 4000 år gamle hus og spor etter 3500år gamal åker. Så her har budd folk i minst 4000år. Også fleire steinøkser er funne på Votlo. Tøveskoen (eller filtsko/ ullsko/ pampusar/ laddar) vart oppfunnen her av Maria Olavsdotter Askeland. Ei tid dreiv alle bøndene på Votlo med ullskoproduksjon som attåtnæring.

Peter Jebsen skulle bygga Arne fabrikker vart det rundt 1850 sett opp eit teglsteinverk på Votlo (Tveitane). Gråstein frå liene og teglstein kom frå Votlo og vart nytta til bygging i Ytre Arna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]