Mariner-programmet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Starten av Mariner 1
Det første nærbiletet av Mars, fotografert av Mariner 4
Del av Valles Marineris, fotografert og oppdaga av Mariner 9.

Mariner-programmet var ein serie romsondar sende opp av den amerikanske romorganisasjonen NASA for å undersøkje dei indre planetane Mars, Venus og Merkur. Av dei 10 romsondane var sju suksessfulle, medan tre gjekk tapt. Mariner 11 og 12 vart etterkvart gjeve nye namn, Voyager 1 og Voyager 2, som ein del av Voyager-programmet. Viking 1 og Viking 2 var forstørra utgåver av Mariner 9.

Sendt opp med bereraketten Atlas-Agena[endre | endre wikiteksten]

  • 203 kg tung sondar til å fly forbi planeten Venus.
    • Mariner 1, 22. juli 1962 — upåliteleg bererakett naudsprengt.
    • Mariner 2, 26. august 1962 — første nære passasje av ein annan planet med ein fungerande romsonde.
  • 261 kg tung sondar til å fly forbi Mars.
    • Mariner 3, 5. november 1964 — sperra inne bak rakettnasen.
    • Mariner 4, 28. november 1964 — første nære passasje av Mars.
  • 261 kg tung sonde til å fly forbi Venus.
    • Mariner 5, 14. juni 1967 — 3.990 km's passasje av Venus.

Sendt opp med bereraketten Atlas-Centaur[endre | endre wikiteksten]

  • 413 kg tung sondar til å fly forbi Mars.
    • Mariner 6, 25. februar 1969 — 3.412 km's passasje av Mars, tog 25 nærbilete.
    • Mariner 7, 27 mars 1969 — 3.534 km's passasje av Mars, tok 33 nærbilete.
  • 998 kg tung romsondar som krinsa rundt planeten Mars.
  • 503 kg tung romsonde til planeten Merkur. På vegen nytta romsonden tyngdekrafta frå planeten Venus.
    • Mariner 10, 3. november 1973 — første sonden som har vitja Merkur, tok over 300 nærbilete på sine tre passeringar.