Vozje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vozje
innsjø
Land  Russland
Tilsig Vozjega, Modlona
Utløp Svid
Nedslagsfelt 5 870 km²
Areal 416 km²
Middeldjupn m
Tilfrosen Oktober/november - mai
Koordinatar 60°35′22″N 39°5′33″EKoordinatar: 60°35′22″N 39°5′33″E
Kart
Vozje
60°35′22″ N 39°5′33″ E
Wikimedia Commons: Lake Vozhe

Vozje, òg kalla Tsjarondskoke (russisk Воже, Чарондское), er ein innsjø nord i Vologda oblast i Russland. Han har eit areal på 416 km². I snitt er han 2 meter djup og ned mot 4,5 meter på det djupaste. Vozje renn ut i Svid som renn vidare til Latsja, der Onega har kjelda si. Innsjøen ligg i eit slettelandskap og breidda er lågtliggande og myrlendt. Det renn om lag tjue elvar ut i Vozje, inkludet Vozjega og Modlona. Innsjøen frys til i oktober eller november og er isdekt fram til mai. Enkelte delar av han vert botnfryst.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]