Vranjina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vranjina (serbisk Врањина) er ei øy i Shkodërsjøen i kommunen Podgorica i Montenegro.

Øya er danna i elvedeltaet til elva Morača i nordenden av Shkodërsjøen. Ho har eit areal på 4,8 km² og det høgaste punktet er 296 meter, som gjer ho til både den høgaste og den største øya i landet.

Øya er forbunde til fastlandet via ei bru mot Podgorica og ei vegfylling mot Bar.

Klosteret St. Nikolas ligg på øya og er ein kjend attraksjon. Byen Vranjina, som ligg ved kysten av innsjøen, vert kalla «Den montenegrinske Venezia». Det er ein populær fiskestad i Shkodërsjøen og det ligg mellom anna eit par fiskerestaurantar på øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]