Vreid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vreid er eit norsk metalband. Dei fleste av medlemene i Vreid er tidlegare medlemer av det nedlagde bandet Windir (alle med unntak av Ese). Etter at frontmannen for Windir, Valfar, fraus i hel ei vinternatt i Sogndal, kjente medlemene av gruppa at dei ikkje lenger kunne halda fram, sidan Windir var Valfar sitt prosjekt frå byrjinga. Medlemene valde dimed for å byrja på eit nytt, eiget prosjekt som fekk namnet «Vreid».

I motsetnad til Windir fokuserer ikkje Vreid seg lyrisk på urnorske historier om Noreg og særleg Sogndal, men heller mot den kalde krigen, og særskildt fokus på jernteppet. Dei er nett som Windir sine tekstar skrive både på «sognamaol» og på engelsk.

Medlemer[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Kraft - (2004)
  • Pitch Black Brigade - (2006)
  • I Krig - (2007)
  • Milorg - (2009)
  • V - (2011)
  • Welcome Farewell - (2013)
  • Solverv - (2015)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]