Windir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Windir

OpphavSogndal, Noreg
Aktiv1994–2004
Sjanger
Tilknytte artistarVreid
Cor Scorpii
PlateselskapHead not Found
Tabu
MedlemmerValfar
Sture
Hvàll
Steingrim
Righ
Strom

Windir var eit svartmetallband frå Sogndal. Bandet kombinerte black metal med norsk folkemusikk og norrøn mytologi. Musikken til Windir har heile vegen basert seg på lokalhistoriske tekster tonesette til metallmusikk. Musikkstykka inneheld som regel både melodiøse og meir brutale parti. Her bør det nemnast at mange av dei melodiske innslaga som Windir har fått mykje ros for i realiteten er gamle kristne salmar som er vortne «rocka opp». Dette gjeld mellom anna titelspora «Sóknardalar» og «Arntor».

Gruppa kom saman i 1994, men debuterte fyrst i 1997 som eit einmannsprosjekt med Valfar på «skrik, gitarar, synthar og bassar». Tekstene var skrivne på sognamål og Valfar slo fast at «Windir stør nynorsken i kampen mot bokmålet».

Valfar inviterte seinare nokre andre sogningar frå bandet Ulcus med i Windir. Då plata 1184 kom ut i 2001 hadde Windir konstituert seg som eit fullsett band med medlemene Valfar, Steingrim, Hvall og Sture.

Terje «Valfar» Bakken vart funnen død i Sogndal i 2004. Dei hine bandmedlemmene valde då å oppløysa bandet. Seinare har nokon av dei same bandmedlemmene samla seg i eit nytt band under namnet Vreid. Tangentfjølspelaren Gaute Refsnes har òg starta eit nytt band med namnet «Cor Scorpii».

Bruken av ein gamal NS-plakat på coveret til Arntor-plata frå 1999 har fått mange til å lura på om gruppa hadde nazistiske sympatiar.

Utgjevne plater[endre | endre wikiteksten]

  • Sogneriket [Demo] (1994)
  • Det Gamle Riket [Demo] (1995)
  • Sóknardalr (1997)
  • Arntor (1999)
  • 1184 (2001)
  • Likferd (2004)
  • Valfar, Ein Windir [Best of] (2004)

Utgjevne DVDar[endre | endre wikiteksten]

  • Sognametal (2005)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]