Vulkanen Osorno
Osorno | |||
vulkan | |||
Osorno i 1993
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Andes | ||
Høgd | 2 652 moh. | ||
Koordinatar | |||
Vulkantype | Stratovulkan | ||
Siste utbrot | 1869[1] | ||
Lettast tilkomst | fjellklatring | ||
Førstestiging | Jean Renous | ||
![]() Osorno | |||
Wikimedia Commons: Volcan Osorno | |||
Osorno er ein 2 652 meter høg, kjegleforma stratovulkan som ligg mellom Osorno-provinsen og Llanquihue-provinsen i Los Lagos-regionen i Chile. Han ligg på søraustbreidda av Llanquihuesjøen, og tårnar òg over Todos los Santos-sjøen. Osorno er kjend som eit symbol for det lokale landskapet og likskapen til Fuji-fjellet.
Osorno er ein av dei mest aktive vulkanane i dei sørchilenske Andesfjella, med 11 historiske utbrot mellom 1575 og 1869. Lavastraumar av basalt og andesitt frå desse utbrota har nådd både Llanquihue- og Todos los Santos-sjøen. Den øvre fjellsida av vulkanen er nesten heilt dekt av isbrear, trass i moderat høgd og breiddegrad. Årsaka til at isbreane vert opprettheldt er ein god del snø gjennom vinteren på grunn av det fuktige, maritime klimaet i regionen.
Osorno ligg over ein 250 000 år gammal erodert stratovulkan, La Picada, med ein 6 km vid kaldera.[2]
Galleri[endre | endre wikiteksten]
Petrohuéstryka (Saltos del Petrohué) med Osorno i bakgrunnen
Osorno føre Petrohuéstryka.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Osorno (volcano)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. januar 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene
- Biggar, John (2005). The Andes: A Guide for Climbers (3rd ed.). Andes Publishing (Scotland). s. 304 pp. ISBN 0-9536087-2-7.
- González-Ferrán, Oscar (1995). Volcanes de Chile. Santiago, Chile: Instituto Geográfico Militar. s. 640 pp. ISBN 956-202-054-1. (på spansk)
- ↑ «Osorno». Global Volcanism Program, Smithsonian Institution. http://www.volcano.si.edu/world/volcano.cfm?vnum=1508-01=. Henta 2010-05-06.
- ↑ «Volcanoes of South America». Global Volcanism Program. Smithsonian Institution. Henta 14. januar 2014.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Rundt Osorno detaljert skildring