Vuoksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vuoksen
elv
Land  Finland,  Russland
Nedslagsfelt >52 400 km²
Lengd 162 km
Middelvassføring 540 /s
Kjelde Saimaa
Munning Ladoga
Kart
Vuoksen
61°13′0″ N 28°47′22″ E
Wikimedia Commons: Vuoksa

Vuoksen (finsk Vuoksi, russisk Reka Vuoksa) er ei elv som renn gjennom den nordlegaste delen av Det karelske neset, mellom innsjøane Saimaa søraust i Finland og Ladoga nordvest i Russland. Elva munnar ut i Ladoga i to greiner, den nordlegaste og eldste ved Priozersk (Käkisalmi /Kexholm) og sidan 1857 ei ny sørleg grein 50 km lenger søraust ved Taipale.

Fallet mellom Saimaa og Ladoga er 69 meter, og lengda til elva er 162 km via Priozersk-greina eller 150 km via Taipale-greina. Gjennom store delar av elva dannar ho ei rekkje innsjøar, som er knytte saman av kortare elveliknande stykke. Ein av desse innsjøane, Suurselkä nær Priozersk, er av russarane kalla Ozero Vuoksa («Vuoksasjøen»).

Vuoksen knyter Ladoga til sentrale område av Finland, og var ein gong ei viktig handelsrute. Ei vestleg grein, som i dag har overgrodd, var ei alternativ rute for karelarane til Finskebukta, då elva Neva var blokkert av fiendar. Saimaa-kanalen går rundt Vuoksen ved å følgje denne gamle leia, og munnar ut i Viborgvika i Finskebukta nær mellomalderebyen Viborg.

Under både Vinterkrigen og Den finske framhaldskrigen var Vuoksen ei viktig finsk forsvarslinje mot den sovjetiske framrykkinga i Slaget ved Vuosalmi.

Under den industrielle revolusjonen førte straum produsert av stryka i Vuoksen til at Vuoksenområdet vart det industrielle senteret i Finland seint på 1800-talet. Sidan Vinterkrigen (1940) har Det kareliske neset høyrt til Russland, og berre 13 km av elva er i dag finsk.

Dei største vasskraftverka ved Tainionkoski og Imatra er på finsk side i sentrum av byen Imatra.

Omgivnadane rundt elva, inkludert Korela-festeningen (tidlegare: Käkisalmi), er ein populær feriestad for innbyggjarar i St. Petersburg.

Elva er vidkjend for dei flotte stryka, til dømes ved Imatra og tettstaden Losevo. Staden der Vuoksen renn ut i innsjøen Suhodolskoje vert ofte nytta til internasjonale kajakk-, kano- og katamarankonkurransar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]