Det karelske neset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Det karelske neset

Det karelske neset (russisk Карельский перешеек - Karelskij peresjejek, finsk Karjalankannas, Finsk språkråd har nyleg tilrådd forma Karjalankannas), er eidet mellom innsjøen Ladoga og Finskebukta. Den viktigaste byen her er Viborg som ligg djupt inni den godt verna Viborgbukta i Finskebukta, nord for sjølve neset. Området ligg i dag i Russland. Sør for Det karelske neset ligg Sankt Petersburg.

Før den andre verdskrigen var Viborg og ein stor del av eidet ein del av Finland, som vart tvinga til å avstå det til Sovjetunionen i fredsforhandlingane etter vinterkrigen og framhaldskrigen. Ein stor del av det finske folket der vart då evakuert til Finland og Sverige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]