Vågstranda
Utsjånad
Vågstranda er ei lita bygd i Rauma kommune i Møre og Romsdal med i underkant av 500 innbyggarar og namnet på eit sokn i Indre Romsdal prosti i Møre bispedømme.
Vågstranda har eige oppvekstsenter (barnehage og barneskole), kyrkje og daglegvarebutikk med post. Bygda har elles mange turmoglegheiter, frå fjord til fjell.
Nordens største brakkvasspoll er lokalisert her, med oppdrett av østers og ål. Bygda har òg fiskeoppdrettsanlegg.