Wöhleritt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Wöhleritt er eit silikatmineral som mellom anna inneheld natrium, kalsium, zirkonium og fluor. Den kjemiske formelen er NaCa2(Zr,Nb)Si2O8(O,OH,F).

Mineralet har ein honninggul farge og vart først skildra av K. J. A. T. Scheerer i 1843 frå nefelinsyenittpegmatittar ved Langesundsfjorden, der det er ganske stort utbreidd. Andre mineral med liknande kjemisk samansetnad frå same type førekomst er låvenitt, hiortdahlitt og rosenbuschitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«wöhleritt» i Store norske leksikon, snl.no.