Wally Badarou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wally Badarou
Wally Badarou Pop Montreal 2016.jpg
Wally Badarou i 2016
Fødd22. mars 1955 (66 år)
FødestadParis i Frankrike
FødenamnWaliou Jacques Daniel Isheola Badarou
OpphavBenin, Frankrike
AktivSidan 1978
SjangerSynthpop, pop, jazz, jazzfusion, progressiv rock, afrikansk musikk, nyklassisk, minimalist
InstrumentKlaverinstrument, gitar, programmering
Tilknytte artistarLevel 42, Compass Point All Stars, M, Robert Palmer, Tom Tom Club, Talking Heads
PlateselskapBarclay Records (1978–1982)
Island Records (1982–1995)
Blue Mountain Music (1995–2002)
Ishe Music (sidan 2002)
Verka somKomponist, låtskrivar, musikar, plateprodusent

Waliou Jacques Daniel Isheola «Wally» Badarou (fødd 22. mars 1955) er ein fransk musikar. Han var fødd i Frankrike med aner frå Benin i Vest-Afrika. Badarou er mest kjend for det tette bandet til den engelske gruppa Level 42, og for arbeidet som studiomusikar for ei lang rekkje musikarar verda over.

Badarou var ein del av det faste bandet til Island Records, Compass Point All Stars (med Sly and Robbie, Barry Reynolds, Mikey Chung og Uziah «Sticky» Thompson), som spelte på album av Grace Jones, Tom Tom Club, Joe Cocker, Mick Jagger, Black Uhuru, Gwen Guthrie, Jimmy Cliff og Gregory Isaacs.[1]

Badarou spelte òg klaverinstrument for artistar som Robert Palmer, Marianne Faithfull,[2] Herbie Hancock, M (Pop Muzik), Talking Heads, Foreigner, Power Station, Melissa Etheridge, Manu Dibango og Miriam Makeba.

Han har produsert album for Fela Kuti, Salif Keita, Wasis Diop, Trilok Gurtu, Carlinhos Brown og skrive musikk for filmar som Countryman og Kiss of the Spider Woman.

Han har gjeve ut soloalbum, som dei instrumentale Echoes (1983) og Words of a Mountain (1989). Førstnemnde inneheld «Chief Inspector», «Mambo» (sampla av Massive Attack for «Daydreaming» (Blue Lines)), og «Hi-Life». «Chief Inspector» nådde 46. plassen på UK Singles Chart i oktober 1985.[3]

Albumet Words Of A Mountain skal ha vore eit av dei første i verda som ikkje vart spelt inn på analoge lydband.[4]

Sidan tidleg i 2000-åra har han vore teaterskodespelar.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

  • 1979: Back to Scales Tonight
  • 1984: Echoes
  • 1985: Chief Inspector (EP)
  • 1989: Words of a Mountain
  • 1997: So Why
  • 2001: Colors of Silence : Musical poetry for Yoga
  • 2009: The Unnamed Trilogy

Filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

Produsent (og medprodusent)[endre | endre wikiteksten]

Studiomusikar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Chris Salewicz's «Keep on running: The story of Island Records», Universe, p. 120 & 135.
  2. David Dalton's «Faithfull: An Autobiography», Little Brown & Co, p. 242 & 245.
  3. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 39. ISBN 1-904994-10-5. 
  4. Keyboard Magazine, 1986. mai s. 69.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]