Hopp til innhald

Walter Baade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Walter Baade

Fødd24. mars 1893(1893-03-24)
Schröttinghausen i Det tyske keisarriket
Død25. juni 1960 (67 år)
Göttingen i Vest-Tyskland
NasjonalitetTysk
OmrådeAstronomi
Yrkeastronom, astrofysikar
InstitusjonarMount Wilson-observatoriet
Palomar-observatoriet
Universitetet i Göttingen
Alma materUniversitetet i Göttingen
DoktorgradsstudentarHalton Arp
Allan Sandage
UtmerkingarBrucemedaljen 1955
EktefelleJohanna Bohlmann
MedlemDet bayerske vitskapsakademiet
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
American Philosophical Society

Wilhelm Heinrich Walter Baade (24. mars 189325. juni 1960) var ein tysk astronom som arbeidde i USA frå 1931 til 1959.

Baade arbeidde ved observatoriet i Hamburg frå 1918 og 1931, og ved Mount Wilson og Palomar-observatoriet i USA frå 1931 til 1958. Han var professor i Göttingen i Tyskland frå 1959. Det viktigaste arbeidsfeltet til Baade var galaksane og innførte i 1944 omgrepet populasjonstype. Han viste i 1952 at alle avstandar bestemt for galaksar, måtte multipliserast med ein faktor omkring 2.

Asteroiden 1501 Baade, krateret Baademånen, Vallis Baade, ein dal på månen og eit av dei to Magellan-teleskopa er namnsett etter han. Asteroiden 966 Muschi er kalla opp etter kona hans.