Wegener Range
Wegener Range | |||
fjellkjede | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Palmer Land | ||
- koordinatar | 72°42′S 62°23′W / 72.700°S 62.383°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Wegener Range 72°42′00″S 62°23′00″W / 72.7°S 62.3833°W | |||
Wegener Range er ei fjellkjede med fjelltoppar over 1800 moh. søraust i Palmer Land i Antarktis. Ho strekkjer seg 80 km frå nordvest til søraust mellom Maurybreen og Fentonbreen. Fjellkjeda vart først fotografert frå lufta av U.S. Antarctic Service (USAS), 1940. Ho vart fotografert på nytt av U.S. Navy i 1966–69, og kartlagd frå bileta av US Geological Survey (USGS). I samband med at fleire namn i området er kalla opp etter forskarar på kontinentaldrift, vart fjella namngjevne av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter professor Alfred L. Wegener.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Wegener Range» (innhald frå Geographic Names Information System).