Alfred Wegener

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alfred Wegener

FøddAlfred Lothar Wegener
1. november 1880
Berlin
Dødnovember 1930
Grønland
NasjonalitetDet tyske keisardømet
Områdegeologi
Yrkegeolog, oppdagar, astronom, meteorolog, universitetslærar, polfarer, fysikar, geograf, geofysikar, klimaforsker
InstitusjonarUniversitetet i Tartu
Philipps-Universität Marburg
Karl-Franzens-Universität Graz
Alma materHumboldt-Universität zu Berlin
Köllnisches Gymnasium
DoktorgradsrettleiarJulius Bauschinger
Wilhelm Julius Foerster
EktefelleElse Köppen
MedlemDet austerrikske vitskapsakademiet
Schwarzburgbund

Alfred Lothar Wegener (fødd 1. november 1880 i Berlin, død i november 1930 under ekspedisjon på Grønland), var ein tysk meteorolog og geofysikar som blei verdskjend for kontinentaldriftsteorien, forløparen for dagens kunnskap om platetektonikk.

Tidleg liv og akademisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Wegener var fødd i Berlin. Far hans var teolog og lærar ved ein klosterskule i byen. Som 20-åring byrja han å studera fysikk, meteorologi og astronomi ved universiteta i Berlin, Heidelberg og Innsbruck. Han tok doktorgrad ved Universitetet i Berlin i 1904, 24 år gammal.

Sjølv om han var utdanna astronom, arbeidde Wegener fyrst og fremst med det nye fagfeltet meteorologi. Han var tilsett ved det Kongelige Prøyssiske Aeronautiske Observatorium ved Berlin. Saman med broren sin dreiv han med flyging med varmluftballongar, og saman sette dei ein rekord for opphald over bakken på 52 timar.

Polarforskning og jetstraumane[endre | endre wikiteksten]

Wegener på Grønland vinteren 1912-1913.

I 1912-1913 drog Wegener på ekspedisjon til Grønland for å undersøka polarvêret. Dette omtalte han sjølv seinare som eit vendepunkt i livet sitt. Som røynd ballongfarar var han ein pioner på utforsking av atmosfæren med vêrballongar. Her gjorde han observasjonar som leidde til teoriane hans om jetstraumar i høge luftlag. Han fann òg fossil av tropisk vegetasjon i isaudet, og fekk inspirasjon til å samla tankane kring kontinentaldriftteorien som han er best kjend for i dag.[1]

Same året han kom heim gifta han seg med dottera til ein kjend meteorolog og klimatolog, Wladimir Köppen, flytta til Marburg og blei privat dosent. I 1924, etter han han var blitt ein svært kontroversiell forskar, fekk han ei fast stilling som meteorolog ved Karl-Franzens-Universität Graz i Austerrike, som gav han og familien økonomisk trygging og tillét han å vidareutvikla teoriane sine.

Teoriane til Wegener[endre | endre wikiteksten]

Oppbrytinga av Pangea, frå Die Entstehung der Kontinente und Ozeane av Wegener frå 1929. Bidlet viser rekonstruerte verdskart for dei geologiske tidsperiodane tidlegkarbon, eocen og kvartær (pleistocen).

Ved Marburg skreiv og gav Wegener ut rundt tjue verk. Best kjend var ein lærebok i meteorologi, Thermodynamik der Atmosphäre. I desse verka la Wegener fram teoriane sine om jetstraumar. Under den fyrste verdskrigen var han reserveoffiser og tenestegjorde under kampar i Belgia. Der formulerte han for alvor kontinentaldriftteorien, og broren hans fekk han til å gje han ut under tittelen Die Entstehung der Kontinente und Ozeane ('Danninga av kontinenta og hava') i 1915, med utgjevingar på engelsk i 1924 og 1929.

Kontinentaldriftteorien til Wegener bygde på likskapen mellom kystlinjene langs Sør-Amerika og Afrika. Dette var han langt frå den fyrste til å notera, men Wegener hadde ein brei akademisk bakgrunn, og sjølv om han ikkje hadde formell geologisk utdanning, var han geofysikar, og trekte inn emne som paleoklimatologi og paleontologi. Wegener meinte at likskapen i kystlinjene kom av at dei to kontinenta ein gang hadde sete saman, men at dei hadde delt seg i to og danna Atlanterhavet. Ved å samanlikna kjende geologiske formasjonar og utbreiinga av fossile dyr og plantar, pusla han saman mesteparten av dagens kontinent til eit superkontinent han kalla Pangea, «Alljorda».

Motstand mot teoriane til Wegener[endre | endre wikiteksten]

Wegener (venstre) og Villumsen (høgre) på Grønland 1. november 1930.

Både teoriane om jetstraumane og kontinentaldrift møtte motstand. Jetstraumane fanst det rett og slett ikkje teknisk kapasitet til å påvisa i 1920- og 1930-åra. Eksistensen av dei blei ikkje bekrefta før under andre verdskrigen, då amerikanske Superfortress-bombefly over Japan flaug så høgt at dei hamna i jetstraumane.

Motstanden mot kontinentaldriftsteorien var òg sterk. I 1928, på ein geologikongress i USA, blei Wegener omtalt som ein forskar av «den fotlause typen» som i rekonstruksjonen sin av jordoverflata tok seg altfor store fridommar med moder jord. Det fanst alternative teoriar som forklarte utbreiinga av tidlegare dyre- og planteliv, og bygde på ulike versjonar av at ulike kontinent hadde sokke og danna hava (særleg Atlanterhavet). Wegener avviste desse teoriane, ettersom kontinent stort sett består av granitt, som er ein lettare bergart enn magmaen han flyt på, og dermed ikkje kan søkka. Problemet med teorien til Wegener var at det ikkje fanst nokon kjende krefter som kunne flytta den enorme vekta av kontinentalplatene. Eit anna problem var fossil som blei tolka som tropisk vegetasjon i Antarktis, eit område som i Wegener sin modell aldri hadde hatt tropisk klima i heile historia til jorda.

Wegener arbeidde heile resten av livet sitt med å finna belegg for teoriane sine, men opplevde aldri å få teoriane anerkjende. Saman med svigerfaren sin, Wladimir Köppen, gav han dessutan ut boka Die Klimate der geologischen Vorzeit ('Urtidens klima') i 1924. I tillegg dreiv han stadig feltarbeid på Grønland. På den siste ekspedisjonen sin blei han og kompanjongen hans Rasmus Villumsen sakna i november 1930. Liket til Wegener blei funne 12. mai 1931.

Kontinentaldriftteorien etter Wegener[endre | endre wikiteksten]

Samtidige tilhengarar av Wegener omfatta hans eigen svigerfar, Wladimir Köppen, geologen Alexander du Toit frå Sør-Afrika og den britiske geofysikaren Arthur Holmes. Du Toit gav ut boka Our Wandering Continents i 1937, og hovudverket til Holmes, Principles of Physical Geology frå 1944, avslutta med eit stort kapittel om kontinentaldrift.

Sjølv om tilhengarar av kontinentaldriften var i mindretal, var teorien relativt godt kjend. Den norske professoren Erling Christophersen som leidde Tristan da Cunha-ekspedisjonen i 1937 hadde som uttalt mål å sjå etter teikn til at øygruppa ein gang hadde vore ein del av Afrika (det var ho ikkje, Tristan-øyane er vulkanske).[2]

Havbotnspreiing, slik ein kan sjå henne på alderen til havbotnen. Raudt markerer den yngste havbotnen, den eldste (ca. 180 millionar år) er blå.

Diskusjonen om kontinentaldrift vende likevel sterkt tilbake i 1950-åra, då studiar av fossil magnetisme i bergarterpaleomagnetisme, eit nytt geofysisk forskingsfelt – tydde på at det likevel måtte ha føregått relative rørsle mellom kontinenta. Dette var den første uavhengige verifikasjonen av teorien til Wegener, og forkasta samtidig teoriar som bygde på sokne kontinent.

I 1960-åra blei Den midtatlantiske ryggen oppdaga med ekkolodd. Prøvar viste at havbotnen var eldre jo lengre bort ein kom frå sjølve ryggen. Dette førte til teorien om havbotnspreiing, sjølve drivmekanismen som teorien til Wegener hadde mangla.

Etter introduksjonen av omgrepa havbotnspreiing og platetektonikk har førestillinga om 'mobile kontinent' fullstendig overtatt som grunnlag for studiar av den faste jorda. I dag er det mogleg å spora kontinenta si vandring fleire milliardar år tilbake, og det er blitt klart at Wegener sitt Pangea berre er det siste i ein serie superkontinent.

Ærestilvisingar[endre | endre wikiteksten]

  • Alfred-Wegener-Institut für Polar- und Meeresforschung i Bremerhaven, Tyskland, etablert i 1980.
  • Wegner Center for klima og global endring, ved Wegner sin gamle arbeidsplass på Karl-Franzens-Universität Graz
  • Nedslagskrater kalla Wegener på både Mars og Månen,
  • Asteroiden 29227 Wegener
  • Halvøya der han døydde på Grønland (Wegener Peninsula nær Ummannaq).[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wegener, Else, (red.) (1939): Greenland journey, the story of Wegener’s German expedition to Greenland in 1930-31 as told by members of the expedition and the leader’s diary; (Redigert av Else Wegener, med hjelp av Dr. Fritz Loewe. Oversatt fra den 7. tyske utgaven av Winifred M. Deans). London, Glasgow, Blackie & son ltd.
  2. Cristophersen, E. & al. (1938):Tristan da Cunha, Den ensomme øy. Aschehoug, Oslo
  3. http://ssd.jpl.nasa.gov/sbdb.cgi?sstr=29227