Weimarklassisismen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Theobald von Oer: Hoffet av muser i Weimar. Schiller les høgt. Blant tilhøyrarane sit heilt til venstre Wieland, like framfor han Herder (med kona si Maria Karoline Flachsland) og til høgre framfor søyla står Goethe.

Weimarklassisismen (tysk Weimarer Klassik) var ei litterær rørsle i Tyskland, nærare bestemt Weimar og Jena i overgangen mellom 1700- og 1800-talet.

Weimarklassisismen i vid forstand viser til den litterære produksjonen til «dei fire stjernene frå Weimar» Christoph Martin Wieland, Johann Wolfgang Goethe, Johann Gottfried Herder og Friedrich Schiller. Ofte blir omgrepet avgrensa til å gjelda Schiller og Goethe sitt samvirke frå 1794 til 1805. Weimarklassisismen varte omtrent til då Schiller døydde i 1805

Innhaldsmessig dreidde weimarklassisismen seg om å etablera ein ny humanisme. Dette skulle skje på grunnlag av ideane frå romantikken, klassisismen og opplysingstida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]