Johann Wolfgang von Goethe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johann Wolfgang von Goethe

Johann Wolfgang von Goethe (28. august 174922. mars 1832) var ein tysk forfattar, politikar, humanist og vitskapsmann. Han var ein ragande figur under romantikken og innan tysk litteratur som skreiv dikt, romanar, skodespel og filosofiske verk. Han er særleg kjend for verk som Die Leiden des jungen Werthers, Wilhelm Meisters Lehrjahre og Faust.

Goethe var ein leiande figur i tysk litteratur seint på 1700-talet og ved byrjinga av 1800-talet. Han høyrde til Weimar-klassisismen, ein retning som hadde band til opplysingstida, Empfindsamkeit ('Sentimentalitet'), «Sturm und Drang» og romantikken. Verka hans blei spreidde i heile Europa og var ein viktig inspirasjonskjelde for musikk, litteratur og filosofi. Goethe påverka tyske filosofar som Hegel og Schelling, men også den britiske vitskapsmannen Charles Darwin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]