Werner Peak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 68°43′S 65°14′W
Werner Peak
fjell
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Topp Graham Land
 - høgd 1 550 moh.
 - koordinatar 68°43′S 65°14′W
Administrert under Antarktistraktaten

Werner Peak
68°43′0″ S 65°13′60″ W
Werner Peak is located in Antarktis
Werner Peak (Antarktis)

Werner Peak er det høgaste (1550 moh) og mest kjennelege fjell ved søraustsida av Mercator forlandsbre. Fjellet ligg like aust for nordenden av Norwood Scarp. Ein bratt fjellrygg på nordsida er lett gjenkjenneleg frå alle stader på forlandsbreen. Det vart fotografert frå lufta av U.S. Antarctic Service (USAS) den 28. september 1940. Det vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1958. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter Johannes Werner (1468–1528), ein tysk astronom og matematikar som truleg først (1514) foreslo metoden med å nytte avstanden til månen for å finne lengdegrader.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Werner Peak» (innhald frå Geographic Names Information System).