Whataroa-elva
Utsjånad
Whataroa-elva | |||
elv | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Whataroa River 43°07′10″S 170°15′05″E / 43.119444444444°S 170.25138888889°E | |||
Wikimedia Commons: Whataroa River |
Whataroa-elva (engelsk Whataroa River, stundom kalla Wataroa River) er ei elv sør i regionen West Coast på Sørøya på New Zealand. Kjeldene ligg i Søralpane, og elva renn mot nord og nordvest, gjennom busetnaden Whataroa på den austlege sida før ho når Tasmanhavet like sør for Abut Head. Elva har fleire tilførsler, som til dømes Perth-elva, og vert kryssa av riksvegen State Highway 6 mellom Whataroa og Te Taho.
Rafting er ein populær turistaktivitet på elva. Tilgang til dei øvre delane av elva er anten til fots eller med helikopter.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Whataroa River» frå Wikipedia på engelsk, den 6. september 2011.
Denne geografiartikkelen som har med New Zealand å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.