Wikipedia-diskusjon:Artiklar vi bør ha/Geografi

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skrivebordskonstruksjonar og fenomen i den verklege verda[endre wikiteksten]

Eg rulla attende endringa til Roarjo, jmfr. Brukardiskusjon:Roarjo#Eidsbukta_og_Halsa. --Frokor 12. september 2008 kl. 23:03 (CEST)[svar]

Eidbukta som stadnamn på land er eit relativt nytt fenomen som har dukka opp etter at eit byggjefelt er komme i utkanten mot vest av grenda Sandå(ga). Det einaste tenestetilbod vi finn i nærleiken er Sandå gartneri. Halsa, derimot, har vore eit slags sentrum i den sørlege del kommunen med barneskole, postkontor (nedlagt no), butikkar, gjestehus, kyrkje, arbeidsplassar i industriverksemd. (gjerne google-søk for å bli overtydd.) Det er nok rett at SSB frå skriveborda i Oslo ikkje ser ei samanhengande husrekkje på Halsa med minst 200 bebuarar. Denne oversikta av folketal pr krins i kommunen er laga av folk som sjølv bur i kommunen, med SSB som kjelde for tala. Eidbukta er ikkje nemnt, heller ikkje Sandå ettersom Sandå med det nye Eidbukta er ein del av Neverdal krins, men folketalet for Halsa overgår totalen for Neverdal krins.
Dette google-søket gjev eit inntrykk av bruken av namnet Eidbukta i den kommunale forvaltinga, i det minste finst Eidbukta/Sandå Velforening. Her er det altso snakk om prioritering: skal vi lage leksikon over nyare byggjefelt utan anna enn bustadhus, men som har funne plass i SSB sine rekneark, eller skape artiklar om etablerte stader som har det som kjenneteiknar eit heilskapleg samfunn? Når oversikta har namnet Wikipedia:Artiklar vi bør ha meiner eg vi må prioritere det siste og heller lage artiklar om byggjefelt etter at alle dei største stadar med heilskaplege samfunn i kvar kommune har fått sine artiklar. Framtil ein annan konklusjon kjem fram reknar eg at det er konsensus for ei slik prioritering og tibakestiller. Roar 13. september 2008 kl. 11:42 (CEST)[svar]
Eg er heilt samd, men dette er ei liste over norske tettstader. Noko Halsa per def ikkje er. Det er ikkje dermed sagt at Halsa ikkje skal ha ein artikkel. Me burde kanskje hatt ei liste over bygder i Noreg vi burde hatt artikkel på. --Frokor 13. september 2008 kl. 15:02 (CEST)[svar]
Eg såg ingen kjelde for lista og ingen tilvising til SSB. No er det komme inn. Framlegg: Innleiing bør òg fortelje at denne lista følgjer SSB 100 % slavisk i utval av tettstader med inklusjon/ekslusjon basert på dei reiskap SSB har for berekne/estimere folketal og stadavgrensingar. Så får vi tru at alle lesarar er medvitne på at SSB er til for styresmaktene for å gje kunnskap om og for å styre samfunnets struktur, utvikling og virkemåte. Enkelte store og små tettstader hos SSB er knapt anna enn skrivebordskonstruksjonar. Roar 14. september 2008 kl. 11:45 (CEST)[svar]

Har lagt til ca. 1500 stader som må kome i tillegg til tettstader i statistikken til SSB, Wikipedia:Artiklar_vi_bør_ha/Geografi#Stader_i_Noreg_som_ikkje_er_offisielle_tettstader:

  • byggjefelt og andre stader i eller nær folkerike (by-)kommunar med store areal, der SSB regnar slike inn i sine tettstader.
  • etablerte stader i utkantkommunar med samfunnsfunksjonar (offentlege kontor, barnehagar, skolar, bedriftar etc.) som kjem fram bl.a. med bruk av postnummerlista.

Lista tar med:

  • Stader som er eller har vore poststad kor det bur folk.

Somme av desse er kommunesentra og har namn samsvarande med kommunen. Slike stader kan få prefiks Staden eller Senteret tildømes Staden Trysil som skil han frå kommunen Trysil.

  • Andre stader med historie

Lista har pr 30. desember 2008 følgjande manglar:

  • Ikkje komplett for dei største (by-)kommunar i landet, manglar kretser, bydeler, o.a

Lista (i 1.4 og kanskje 1.5) kan inkludere stader som ikkje er interessante for eit leksikon, forslag til inklusjonskriteria:

  • har minst to tenesteytande verksemdar, inklusive nærbutikk, hytteutleie, verkstad, smie, høvleri, båtutleie, osb. innanfor grensene, eller
  • har minst eit forsamlingshus, barnehage eller skole, eller
  • har minst eit offentleg kontor eller
  • er ein krets eller grunnkrets i kommunen eller
  • har relevans på grunnlag av historie, geologi eller andre lokale fenomen, nedlagt verksemd etc.

Dømer på stader som kanskje ikkje klarer kriteria over er, blant dei med minst folkesetnad: Gretteåsen, Eidbukta, Trøa, Svalia, Bergesiden, Ploganes, Kvål i Ringsaker, Torhaug. -- Roar 30. desember 2008 kl. 11:34 (CET)[svar]