Wikipedia-diskusjon:LanguageNn.php/kjellaren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bolkar blir flytta hit frå Wikipedia-diskusjon:LanguageNn.php etter som diskusjonar konkluderer eller "døyr ut" der.

'editingold'[endre wikiteksten]

lagt inn av Guttorm 21. jun 2005 kl. 1146 (UTC) Denne delen er henta frå m:Talk:LanguageNn.php/Archive1

'editingold'	          => 'ÅTVARING: Du redigerer ein gammal versjon av denne sida. Om du lagrar ho, vil alle endringar gjorde sidan denne versjonen bli overskrivne.',

Eg trur denne åtvaringa er litt strengare enn ho treng vera. Ein finn jo alt i historikken, og det vert eigentleg ikkje overskrive. Forslag? --Dittaeva 17:33, 18 Oct 2004 (UTC)

Eg har no lagt til " (Men dei kan hentast fram att frå historikken.)". --Dittaeva 21:47, 2005 Jun 11 (UTC)

Frå Wikipedia:Samfunnshuset[endre wikiteksten]

Omsetjing av "undo"[endre wikiteksten]

Flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset av 8. september 2005 kl. 11:45 (UTC) Som de sikkert har lagt merke kan ein "angre" flytting ved å trykka på "undo" i siste endringar. I siste oppdatering til m:LanguageNn.php har eg omsett dette til "attende" og lagt inn kommentarar og ev. alternativ på m:Talk:LanguageNn.php. Det er også andre omsetjingar som interesserte kan finna ved å sjå på historikken til LanguageNn.php. Har de innspel er det fint om de kjem med dei på meta, men dei er sjølvsagt velkomne her også. --Guttorm 4. apr 2005 kl. 1155 (UTC)

Oppdateringa er ferdig og er lagt ut på bugzilla, der kan de gje dykkar stemmer slik at det blir fort sett inn i systemet. Det vart attende :-) --Guttorm 5. apr 2005 kl. 0759 (UTC)

redigér?? :([endre wikiteksten]

Eg synest det er litt irriterande at det står "redigér" (med aksent) overalt. Det heiter jo "rediger"! Kan nokon endre på dette, truleg ein administrator? --Erlend 28. mai 2005 kl. 1944 (UTC)

Det blir fiksa med neste versjon av programvaren som truleg blir aktivert ein gong dei neste 60 dagane. Du kan gjerne gå gjennom m:LanguageNn.php og fjerna resten av dei uregelmessige aksentane. --Guttorm 28. mai 2005 kl. 1951 (UTC)
Det «heiter» no både dette og hint. Denne saka er nok ikkje så enkel som Guttorm gjer det til. Diskusjonen har gått føre seg her og er ikkje fullt så avklart som Guttorm framstiller det som. -- Olve 28. mai 2005 kl. 2118 (UTC)
Ok! :) Var ikkje klar over at den diskusjonen fanst (som veldig ny brukar her). Da skal eg flytte meg over til den sida i staden, og koma med argumenta mine der. Skulle akkurat til å gå inn på sida som Guttorm viste til og bruke Søk-Erstatt-funksjonen - det er iallfall ein måte vi raskt kan få bort é-ane på, om det blir konklusjonen. (Må vel kontrollere litt undervegs før vi godkjenner alle omgjeringane, dvs. trykke ok for kvar endring). Da forsvinn eg over til diskusjonen bak hovudsida i staden. :) --Erlend 30. mai 2005 kl. 1454 (UTC)
Var nok litt forenkla den framstillinga mi ja, det har nok med å gjera at for meg er det ikkje så nøye. Såvidt eg har fått med meg frå diskusjonen som har vore så har dei ville dei fleste fjerna aksenten, medan Olve (og ev. Ranveig) ville ha den. Når Olve ikkje såg ut til å reagera når Gaute reagerte på aksenten (har ikkje lenkjene her no) så tenkte eg Olve hadde gjeve det opp (slik som eg ser ut til å gje opp striden om "-" versus "fvt." for årstal "f. kr.", no). No vart vel uansett den fylgjande diskusjonen ikkje så verst fruktbar ser det ut til, eg skal settja meg inn i det om ikkje så lenge. --Guttorm 31. mai 2005 kl. 1748 (UTC)

Ny versjon av MediaWiki på nynorsk[endre wikiteksten]

MediaWiki som er programvaren som Nynorsk Wikipedia og alle dei andre Wikimedia-prosjekta nyttar, kjem snart som versjon 1.5. Oppgraderinga av Wikimedia-prosjekta er planlagt til denne helga (24.-26. juni). For at brukargrensesnittet på Nynorsk Wikipedia framleis skal vera 100 % god nynorsk etter oppgraderinga bør interesserte sjå gjennom Wikipedia:LanguageNn.php eller prøva seg på problemområde som er lista på den tilhøyrande diskusjonssida, berre ein liten kommentar er nok.

Mange av dei nye omsetjingane kjem i samband med ein funksjon for vising av EXIF-informasjon frå biletfiler. For denne funksjonen står det mykje att som omhandlar fotograferingsfaget og GPS. --Guttorm 22. jun 2005 kl. 1254 (UTC)

Oppdateringa er no lagt inn som bug 2506 der stemmer er velkomne. Så lenge 1.5 versjonen av MediaWiki ikkje er teke i bruk vil den ikkje bli teken i bruk. Det er framleis rom for endringar. Desse kan gjerast på Wikipedia:LanguageNn.php. --Guttorm 24. jun 2005 kl. 1059 (UTC)
Oppdateringa er no lagt til i CVS av Ævar Arnfjörð Bjarmason som også har gjort nokre endringar. Etterkvart kan ein kanskje testa den på [1]. --Guttorm 24. jun 2005 kl. 1246 (UTC)
Dette gjekk litt for kjapt for meg... (Hadde eit møte i går og slit med bronkitt...) Eg har lagt inn nokre viktige rettingar i fila (først og fremst fjerning av «ord deling» og konsekvent verbbøying). Håpar det er muleg å taka med desse endringane i oppdateringane! -- Olve 24. jun 2005 kl. 2218 (UTC)

Ordskifte frå Wikipedia:LanguageNn.php[endre wikiteksten]

Erstatta lenkje med peikar?[endre wikiteksten]

Om dette tyder å bruke «peikar» i staden for «lenkje», så er eg 100 % mot dette. Lenkje er eit godt og velklingande ord som alle forstår. Det ligg òg nærme nb «lenke» og svensk «länk»... -- Olve 12. september 2005 kl. 19:09 (UTC)

Smaken er forskjellig – Sjølv synest eg lenkje er eit dårleg ord. På engelsk brukar dei link, som er intuitivt og bra! Link (i tradisjonell tyding) heiter (binde/mellom)ledd på norsk. I alle høve trur eg ikkje det kan omsetjast med lenkje. Eg er for å skifta ut alle førekomstar av lenkje i Nynorsk Wikipedia. Men ledd høver ikkje som termin i hypertekstsamanhang. Eg likar best peikar, men tilvising eller kryssreferanse er ofte minst like gode val. --Verdlanco\ordskifte 12. september 2005 kl. 21:14 (UTC)
Du seier at du ikkje trur engelsk «link» kan omsetjast med ‘lenkje’. Eit enkelt googlesøk«internettlenker OR internettlenkjer OR nettlenker OR nettlenkjer» viser at det finst omlag 101 000 treff på lenk(j)e i denne samansetjinga mot berre omlag 45 treff på «internettpekere OR internettpeikarar OR intenettpeikere OR nettpekere OR nettpeikere OR nettpeikarar». Blant desse treffa kan nemnast konkurrentar som Caplex, som — sjølv om artiklane deira er temmeleg korte — ikkje berre kan avfeiast som useriøse eller utruverdige. Ord endrar tyding over tid, og i dette tilfellet har vi eit godt eksempel på hybridisert nyord. Oppgåva vår er ikkje å slåst mot vindmylner, men å laga eit aktuelt leksikon. -- Olve 13. september 2005 kl. 04:37 (UTC)
Eg har fått med meg denne nye tydinga av lenkje, sjølv om eg ikkje har fått sans for henne. Eg meinte at eg ikkje trur lenkje kan nyttast som omsetjing av link i tradisjonell (dvs. ikkje-internett)-tyding. Denslags bruk er difor ei nyskaping som vi lyt ta stilling til. --Verdlanco\ordskifte 13. september 2005 kl. 04:52 (UTC)
Om du ser på Merriam-Websters «Link», tyding 2b, så vil du sjå at engelsk link kan ha tydinga ‘samanheng, samband’. Den tydinga er ein ikkje uvesentleg del av grunntydinga av det engelske internettomgrepet ‘link’. Det norske ordet ‘peikar’ har ikkje noka slik bityding; faktisk finst ikkje substantivet «peikar» som oppslagsform i nettutgåva av Nynorskordboka.[2] Verbet å peike har etter Nynorskordboka tydinga ‘rette finger, stokk e l mot noko; vere retta mot’. Det ligg ikkje noko gjensidig i dette — noko som eg ser som éi av svakheitene med å bruke dette ordet. Substantivet lenkje eller lekkje har derimot grunntydinga ‘band, kjede av (metall)ringar e l som heng fast i kvarandre; lenkje’ — ein klår parallell til engelsk link — og ei lenkje er noko vi brukar til å binde saman ting med. Dette passar òg godt saman med omgrepa nett og vev... -- Olve 13. september 2005 kl. 05:38 (UTC)
Eg er heilt eining med Olve i denne saka. Lenkje er eit godt ord! EIRIK\diskusjon 12. september 2005 kl. 21:24 (UTC)
Eg kan nemne at it's learning brukar peikar i nynorskversjonen, eg veit ikkje kva bokmålsversjonen brukar. Det ser ut til at Skolelinux nyttar lenkje. --Guttorm 13. september 2005 kl. 06:27 (UTC)
Okei, dette er eit omgrep vi treng eit ord for, og vi har ikkje funne noko fullgodt, dekkjande, tradisjonelt ord. Eg trur framleis at bruken av lenkje har oppstått som ei litt for rask omsetjing av link. (At det ligg noko «gjensidig» i lenkje, gjer ikkje ordet meir treffande; tvertimot, ein hyperlink går alltid berre i éi retning.) Eg vil berre ikkje at vi skal bli sitjande med ei «umedviten» omsetjing utan å ha tenkt grundig over om det finst betre alternativ.
--Verdlanco\ordskifte 13. sep. 2005 kl. 20:25 (UTC)
Eg kan absolutt ikkje sjå at «peikar» skulle vera eit meir gjennomtenkt alternativ enn lenkje... Når det gjeld det gjensidige eller mangelen av dette, så kan du lenkje fangen til veggen. Om du peikar fangen til veggen, så er ikkje sambandet særleg pålitande... Du kan godt peike på at Språkrådet seier slik og slik. Men når det kjem til å etablere eit konkret samband med kjelda, så trur eg det er betre (meir intuitivt) å «lenkje» sitatet til sidene deira (binde tekst A til kjelde B).
  1. «Lenkje» kling meir norsk/skandinavisk enn det engelske lånordet «link».
  2. «Lenkje» svarar til bokmål «lenke», svensk «länk» (ikkje *pekare) og dansk «lænke» (ikkje *peger), og er dermed eit godt ord i skandinavisk samanheng.
  3. «Peikar» er derimot eit unødig særnorsk ord som gjer skandinavisk samarbeid meir tungvint. (Ja da, eg veit at det finst dei som meiner at dette er eit argument for peikar (!) — men eg meiner altså at kommunikasjon er viktig.)
  4. «Peikar» kling litt for mykje av «gjera nokon eit peik», «peike nase til» og liknande, tykkjer eg.
  5. Substantivet «lenkje» passar godt med verbet «å lenkje (til)». Grunntydinga av å lenkje er å binde saman (etablere samband). Når vi set inn lenkjer, bind vi eit element av tekst A til tekst B.
  6. Substantivet «peikar» svarar til verbet «å peike (på? til? mot?)» — eit verb som fører med seg både preposisjonsrot og fleirtydingsrot som ikkje er like praktisk som «ei lenkje» / «å lenkje».
  7. Om ein ser på lenkje/peikar berre som noko som peikar på noko anna, så ville den mest relevante termen på engelsk vera «pointer». Men slik er det altså ikkje.
-- Olve 18. sep. 2005 kl. 20:56 (UTC)
Eg finn ikkje noko om Språkrådet sitt syn på lenkje versus peikar? --Guttorm 18. sep. 2005 kl. 21:45 (UTC)
  • Peikar er i bruk i dataspråket i ei anna tyding, i ordet muspeikar/musepeikar (som står i Nynorskordboka).
  • Ein peikar peikar berre, ei lenkje kan eg fylgje heilt fram til målet. Med peikar assosierar eg eit skilt. Men det me snakkar om er noko som ikkje berre viser vegen, det er sjølvaste vegen. Eg likar lenkje betre enn peikar.
--Jorunn 18. sep. 2005 kl. 22:59 (UTC)
  • I programmering og databaseterminologi kan ein peikar vera adressa til eit minnefelt, eller til ein post i ei liste / eit ledd i ei lenkje. Som del av ein post i ei dynamisk liste må det t.d. vera ein peikar til neste post. Peikaren er i dette tilfellet ikkje sjølve leddet, men adressa til leddet. --Eddi (Snakk) 19. sep. 2005 kl. 10:53 (UTC)
Greitt, no er lenkje i wikipediasamanhang iallfall ikkje noko umedvite eller ugjennomtenkt val lenger! :-) Eg ser framleis ikkje noka som helst kopling mellom det engelske link og det norske lenkje, men det same kan jo seiast om peikar. Med litt godvilje kan eg sjå for meg ei lenkje som berre går i éi retning og som ein kan «dra i», eller «nysta opp», for å koma til neste side.
--Verdlanco\ordskifte 27. okt. 2005 kl. 20:33 (UTC)